Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Lokale kulturminneplanar
Lokale kulturminneplanar skal styrke lokale kulturminneverdiar. Kommunane forvaltar kulturhistoriske verdiar som kan bidra til å utvikle attraktive og verdiskapande lokalsamfunn. Sogn og Fjordane fylkeskommune hjelper kommunane i arbeidet med å utvikle lokale kulturminneplanar.
Skrive ein kommunal kulturminneplan?
Er din kommune på jakt etter informasjon om korleis ein kulturminneplan skal vere? Riksantikvaren har ei side med informasjon og ressursar for kommunar som jobbar med dette: Kulturminne i kommunen (KIK). De kan også ta kontakt med Sogn og Fjordane fylkeskommunen for rettleiing.
Status
Elleve kommunar i fylket har ferdigstilt sine kulturminneplanar. Fjorten kommunar jobbar med å få på plass sine kulturminneplanar. Her er ei oversikt som viser kor stor del av kommunane som no har ein kulturminneplan:
Lokale kulturminneplanar status 2017
Les meir om prosjektet Lokale kulturminneplanar (2012-2015) og om kulturminneplanarbeidet i kommunane i Sogn og Fjordane i dokumentet "Lokale kulturminneplanar 2012-2015".
Fullførte kulturminneplanar
Kulturminneplan i Lærdal kommune vart vedteken 14.02.2019. Last den ned her: Kommunedelplan for Kulturminne og kulturmiljø.
Kommunestyret i Leikanger kommune vedtok 25.04.2019 sin kulturminneplan.
Kulturminneplanen i Vågsøy kommune vart vedteken i Kommunestyret 14.12.2017. Planen finn ein på Vågsøy kommune sine heimesider: "Kulturminneplan 2018-2027".
Kommunestyret i Stryn vedtok kommunedelplan for kulturminne med handlingsprogram og plankart 20.06.2017. Kommunedelplanen er bygd på temavalet Mitt Kulturminne.
Kulturminneplanen til Balestrand kommune vart vedteken i kommunestyret den 30.03.2017. Last ned det endelege plandokumentet.
Kommunestyret i Eid vedtok i møte 26. januar 2017 Kommunedelplan for kulturarv 2017-2029. Les meir og last ned plandokumentet på Eid kommune si heimeside.
Kommunestyret i Hornindal vedtok i møte 30.06.2016 Tematisk kommunedelplan for Kulturminne Kulturminne – Kulturmiljø 2016-2019. Planen har fått tittelen «Frå bru til bru – vegen gjennom Hornindal. Frå generasjon til generasjon – vegen gjennom kulturhistoria». Planen om informasjon om denne finn ein på Hornindal kommune si heimeside.
Kommunestyret i Høyanger vedtok i møte 25.02.2016 Lokal kulturminneplan/strategiplan for 2016-2019. Som vedlegg til kulturminneplanen har dei laga eit historisk bakgrunnsdokument. Begge dokumenta finn ein på Høyanger kommune si heimeside.
På Sogndal kommune si heimeside finn ein informasjon om freda bygningar, kulturminner regulert til bevaring, gamle ferdselsårer, bautasteinar, listeførde kyrkjer, kulturminneplankart og kulturminneplanen frå 2013.
Flora kommune har ikkje laga ein eigen plan for kulturminne, men har med forvalting av kulturminne som ein del av kommuneplanen sin samfunnsdel. Dei har også ein eigen handlingsplan for kulturminne som ligg som vedlegg til kommuneplanen sin arealdel.
Naustdal kommune har gjennom kommunal planstrategi vedteke at Naustdal skal ha ein eigen kommunedelplan for kulturminne. Den vart vedteke av kommunestyret i Naustdal 22. mars 2018.
Kontaktpersonar i kommunane
- Askvoll: Liv Synnøve Andersen, Liv.Synnove.Andersen@Askvoll.kommune.no
- Aurland: Martin Hendriks, martin.hendriks@aurland.kommune.no
- Balestrand: Kari Rønnestad, Kari.Ronnestad@balestrand.kommune.no
- Bremanger: Espen Frøysland, espen.froysland@bremanger.kommune.no
- Eid: Gerd Fløde Bjørlo, gerd.flode.bjorlo@eid.kommune.no
- Fjaler: Ingeborg Opdøl Tysnes, ingeborg.tysnes@fjaler.kommune.no
- Flora: Anders Espeset, anders.espeset@flora.kommune.no
- Førde: Trond Ueland, Trond.Ueland@forde.kommune.no
- Gaular: Merete Grimestad Birkeland, merete.grimestad.birkeland@gaular.kommune.no og Marit Birgitte Refvik, birgitte.refvik@gaular.kommune.no
- Gloppen: Jan-Kjetil Øygard, Jan.Kjetil.Oygard@gloppen.kommune.no
- Gloppen: Birte Fossheim, Birte.Fossheim@gloppen.kommune.no
- Gulen: Ingvild Margrethe Høydal, ingvild.hoydal@gulen.kommune.no
- Hornindal: post@hornindal.kommune.no
- Hyllestad: Sigrid Solberg, Sigrid.Solberg@hyllestad.kommune.no
- Høyanger: Anita Nordheim, anita.nordheim@hoyanger.kommune.no
- Leikanger: Per Holen, per.holen@leikanger.kommune.no
- Luster: Torunn Løne Vinje, torunn.lone.vinje@luster.kommune.no
- Lærdal: Torunn Liltved, Torunn.Liltved@laerdal.kommune.no
- Naustdal: Britt Kringlen, britt.kringlen@naustdal.kommune.no
- Selje: Gerd Fløde Bjørlo, gerd.flode.bjorlo@eid.kommune.no
- Sogndal: post@sogndal.kommune.no
- Solund: Tor Arne Hauge, tor.arne.hauge@solund.kommune.no
- Stryn: Odd Rønningen, odd.ronningen@stryn.kommune.no
- Vik: Karen Weichert, Karen.Weichert@vik.kommune.no
- Vågsøy: Odd Gunnar Myhre, odd.gunnar.myhre@vagsoy.kommune.no
- Årdal: Jan Roy Dalheim, jrda@ardal.kommune.no
Prosjektet Lokale kulturminneplanar
Fylkeskommunen sitt mål med prosjektet «Lokale kulturminneplanar» (2012-2015) var at alle kommunane i Sogn og Fjordane gjennom ein kulturminneplan skulle få eit verktøy for den lokale kulturminneforvaltinga. Les meir om bakgrunnen for og gjennomføringa av prosjektet frå 2012 til 2015 i dokumentet som er lagt ved.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Ingebjørg Erikstad
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941