Foto av dei som deltok på oppstartsmøtet for eit klimaprosjekt mellom kommunane, fylkeskommunen og Vestlandsforsking i mars 2017. Det er 14 personar som er oppstilte på rekke.
Foto av dei som deltok på oppstartsmøtet for eit klimaprosjekt mellom kommunane, fylkeskommunen og Vestlandsforsking i mars 2017. Det er 14 personar som er oppstilte på rekke.

Desse deltok på oppstartsmøtet for forskingsprosjektet Samhandling for grønt skifte. F.v Synnøve Stalheim (plansjef, Sogn og Fjordane fylkeskommune) Trine Alme (Gloppen kommune), Solfrid Trå (Jølster kommune), Jan Roy Dalheim (Årdal kommune), Kaia Moen (Flora kommune), Ørjan Stubhaug (Naustdal kommune), Ida-Beate Mølmesdal (klimakoordinator Sogn og Fjordane fylkeskommune), Carlo Aall (Vestlandsforsking), Eline Orheim (Fylkesmannen), Beate O. Kronberg (Gloppen kommune), Lisbeth Lervik Helset (Stryn kommune), Idun Husabø (Vestlandsforsking), Elin Leikanger (Eid kommune) og Geirmund Dvergsdal (Stryn kommune).

Lokale klimaanalyser

Den mest omfattande delen av prosjektet "Samhandling for Grønt Skifte" er å gjennomføre regionale klimaanalyser, med den regionale analysen som kunnskapsgrunnlag og utgangspunkt.

Det deltok 10 kommunar i prosjektet, og desse var Eid, Årdal, Gloppen, Stryn, Førde, Jølster, Naustdal, Gaular, Flora og Hyllestad. Det var positivt at så mange deltok, og valte å kople dette prosjektet opp mot eige planarbeid.

Metoden nytta i prosjektet blei delt inn i tre hovudsteg:

1) Samanstilling av eit regionalt kunnskapsgrunnlag, som altså omfatta fylket som heilheit - i nokre tilfeller der meir detaljert data føreligg også skalert ned til kommunenivå

2) Etablering av eit lokalt relevant kunnskapsgrunnlag, i og for kommunane som deltek i prosjektet

3) Den formellin inkluderinga av klimaomsyn i dei lokale planane som kommunane hadde kople opp til prosjektet.

 

Figuren under syner rammene som blei presentert for prosjektkommunane for korleis dei kan vurdere den samla lokale klimasårbarheita. 

figur rammene

Figur om rammene.PNG

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ida-Beate Mølmesdal
Rådgjevar, klima og miljø
Ida-Beate.Molmesdal@sfj.no
476 04 557

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette