Lokal innsats for berekraftig utvikling

Hovudutval for plan og næring løyvde i møte 16.juni midlar til tiltak innanfor Lokal Agenda 21. Desse midlane skal støtte prosjekt som aktivt engasjerer lokalbefolkninga i tiltak for å oppnå berekraftig utvikling. Førde som sykkelby og entreprenørskap i barnehagen er to av prosjekta som får støtte.

”Lokal Agenda 21” er eit ledd i oppfølginga av FN sin konferanse om miljø og utvikling som vart arrangert i Rio i 1992. Her vart lokalmiljøet sin påverknad på globale utfordringar sett på dagsorden, og kommunar, næringsliv og organisasjonar vart oppfordra til å samarbeide på lokalt nivå om å sette fokus på tiltak som skal oppnå ein balansert bruk av ressursar og ei berekraftig utvikling.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har i 2010 løyvd 500 000 kr til Lokal Agenda 21 – arbeid, der målet er at midlane skal stimulera til engasjement og samarbeid rundt om i kommunar og lokalsamfunn. Prosjekt som er knytt opp mot arbeid i skulane og tiltak for barn og unge, i tillegg til prosjekt som kan knytast opp mot fylkesdelplan for klima og miljø har blitt prioriterte.

Prosjekta som får støtte:

Namn på tiltak
Søkjar
Omtale
Løyving
Førde som sykkelby
Førde kommune
Prosjektet skal kartlegge tiltak som kan betre forholda og utvikle Førde som fylket sin sykkelby.
85 000 kr
Naturmangfald for barn
FN – sambandet Vest i samarbeid med lærar og førskulelærarutdanninga
Gjennom å utforske leveområdet til lokale dyr – eller planteartar skal barn lære viktigheita av biologisk mangfald.
110 000 kr
Entreprenørskap i barnehage
Gloppen kommune
Drift av hønseri og gartneri i Breim barnehage med fokus på berekraftig utvikling og økologisk landbruk.
200 000 kr
Ta din åre fatt!
Indre Sogn kystlag
Rokurs med målsetting om at flest mogeleg oppdagar gleda av å ro lokale tradisjonsbåtar.
20 000 kr
Korleis sikre natur og biologisk mangfald i Sogn og Fjordane
Forum for natur og friluftsliv
Prosjektet arbeider for ei balansert utbygging og for å gje naturen tilbake ein eigenverdi.
35 000 kr
La Førdefjorden leve
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane
Produksjon av miljøvenlege berenett i samarbeid med ein lokal kunstnar.
10 000 kr
Inspirasjonskurs i friluftsliv
Luster Turlag
Fremja friluftsliv og natur i barnehagane og i undervisninga i skulane.
30 000 kr
Sentrumsnære grøntområde for alle
Opplev Leikanger
Utvikle ein natur og kultursti langs Henjaelvi, tilgjenege for innbyggjarar i alle aldrar.
10 000 kr

Del dette:

Relaterte lenker