Løyver 50 000 kroner til tv-aksjonen

Sogn og Fjordane fylkeskommune gjev 50 000 kroner i tilskot til årets tv-aksjon.

Dette vedtok fylkesutvalet i møtet onsdag 29. september.

Pengane frå tv-aksjonen går i år til Flyktningehjelpen, og skal hjelpe menneske som er på flukt på grunn av krig og konflikt. Pengane skal nyttast til mat og husly, drift av flyktningeleirar, utdanning og fri rettshjelp.

Tv-aksjonen NRK Flyktningehjelpen vert arrangert den 24. oktober.

Del dette:

Relaterte lenker

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568