Foto frå då hovudutvalet for næring og kultur var på synfaring på Heimdalstrand i Balestrand. Vi ser hovudhuset på eigedomen med eit stilas stilt opp på framsida. I framkanten ser vi folk som undersøker eigedomen.
Foto frå då hovudutvalet for næring og kultur var på synfaring på Heimdalstrand i Balestrand. Vi ser hovudhuset på eigedomen med eit stilas stilt opp på framsida. I framkanten ser vi folk som undersøker eigedomen.

Hovudutvalet for næring og kultur var på synfaring på eigedomen Heimdalstrand i Balestrand 7. mars.

Løyvde pengar til og besøkte Heimdalstrand

Hovudutval for næring og kultur løyvde 7. mars 420 000 kr til eigedomen Heimdalstrand i Balestrand og hadde også ei synfaring på den freda eigedomen.

Riksantikvaren freda Heimdalstrand tidlegare i år, og eigarane av eigedomen er i full gang med å setja han i stand. Då hovudutvalet for næring og kultur hadde møte i Balestrand 7. mars, tok medlemmane seg tid til ei kort synfaring.

Omfattande arbeid

Hovudutvalet fekk informasjon om historia bak huset, og fekk sjå arbeidet som eigarane Tor Mjelstad og Elisabeth Tonheim har gjort for å setje bygningen i stand. Dei overtok eigedomen i 2015 og har sidan då gjennomført eit omfattande og godt arbeid med å setje husa i stand.

I møtet løyvde hovudutvalet til saman 420 000 kr til vidare istandsetjing av bygningane på Heimdalstrand, 300 000 til sommarhuset, 100 000 til atelieret og 20 000 til ei trapp. Målet med årets tildeling er at eigarane får ferdigstilt restaureringsarbeidet dei har starta på.

Løyvde til saman 6,2 millionar

Hovudutvalet løyvde til saman 6,2 millionar kroner til eigarar av freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap i møtet 7. mars. Tilskota vart i hovudsak løyvde til istandsetjingsprosjekt på freda bygningar i fylket.

På Ormelid i Luster kommune vart det løyvd tilskot til tre ulike prosjekt, istandsetjing av stabbur og Øvstestova, samt utarbeiding av forvaltningsplan. Istandsetjinga av stabburet har fått eit mindre tilskot før, og med årets tildeling er målet at stiftinga no kan få ferdigstilt istandsetjinga av stabburet.

Løyvinga til forvaltningsplan skal bidra til at stiftinga kan ha føreseielege rammer rundt arbeidet som skal gjerast på både bygningar og i kulturlandskapet. Forvaltningsplanen skal bidra til ei enklare drift og bruk av garden.

Hovudutvalet løyvde tilskot til følgjande prosjekt

  • Stabburet på Ormelid, Luster kommune – 600 000 kr
  • Forvaltningsplan for Ormelid, Luster kommune – 170 000 kr
  • Vonens hus, Fjaler kommune – 600 000 kr
  • Heimdalstrand sommarhus, Balestrand kommune – 300 000 kr 
  • Heimdalstrand atelier, Balestrand kommune – 100 000 kr
  • Fladhammer, Luster kommune – 225 000 kr
  • Tingvoll , Stryn kommune – 200 000 kr
  • Svanøy hovedgård, Flora kommune – 100 000 kr
  • Askelund, Balestrand kommune –400 000 kr
  • Vonens hus, naust, Fjaler kommune – 100 000 kr
  • Løken gamle sorenskrivargard, Eid kommune –500 000 kr
  • Kapteinsgarden Myroldhaug, Eid kommune – 100 000 kr
  • Heimdalstrand, trapp, Balestrand kommune –20 000 kr
  • Ormelid, Øvstestova, Luster kommune – 400 000 kr
  • Bu på Hårklau, Førde kommune – 200 000 kr
  • Wittgensteinhuset, Luster kommune – 1 000 000 kr
  • Otternes, Håkonstova, Aurland kommune – 500 000 kr
  • Restaureringsleiar – 650 000 kr
  • Dendroanalyse – 50 000 kr

For meir informasjon

Karen Marie Hjelmeseter
leiar, hovudutval for næring og kultur
karen.marie.hjelmeseter@sfj.no
918 47 736

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00