Fire jenter i svart står p åscena og dansar og syng
Fire jenter i svart står p åscena og dansar og syng

Foto: Ida Falkgjerdet Svåi/UKM

Løft for ung kultur

Åtte prosjekt i fylket har fått støtte til arbeidet med å løfte og utvikle arbeidet med UKM.

I alt har dei åtte prosjekta fått 113 000 kroner i stimuleringsmidlar frå UKM Norge.

Sogn og Fjordane er dermed eitt av dei fylka som får mest pengar til å sette i gang prosjekt for å utvikle UKM.

Stor spennvidd

– Dette er god utteljing! Eg er veldig glad for at alle i fylket som har søkt, har fått støtte frå stimuleringsmidlane. Det er viktig for å utvikle det lokale arbeidet med UKM og for å levere ein endå betre fylkesfestival, seier Sissel Aarseth, fagkoordinator for kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Ung kultur møtest, forkorta til UKM, blir gjennomført som ei årleg mønstring av kultur for unge mellom 10 og 20 år. Dei unge kulturutøvarane deltek i ei lokalmønstring og enkelte får også delta i fylkesfestivalen og i den nasjonale UKM-festivalen. Spennvidda innan UKM er stor, med alt frå framsyningar i dans og teater, til musikk, film, visuell kunst og e-sport.

Åtte prosjekt

UKM Norge set kvart år av to millionar kroner til lokale initiativ over heile landet. Stimuleringsmidlane skal ikkje erstatte driftsbudsjettet til dei lokale arrangørane, men bidra til utvikling, auka deltaking og engasjement blant ungdom.

Desse prosjekta har fått støtte

Kommune / søkjar

Namn på prosjekt

Tildeling

Selje kommune

Ein Stad der Ung Kultur Møtast

15 000

Stryn kommune

Pangstart for UKM Stryn

8 000

Gulen Frivilligsentral

UKM workshops

15 000

Bremanger kommune

UKM Spelegal, Bremanger Showdown

15 000

Kinn UKM

Rekruttering og starten på ein felles identitet

15 000

Førde kommune

UKM Sunnfjord – E-sport

15 000

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Planleggingshelg for arrangørar 2002

20 000

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Festivalredaksjon 2020

10 000

For meir informasjon

Sissel Aarseth
fagkoordinator, Sogn og Fjordane fylkeskommune
911 52 030

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00