Foto av ungdomsbedrifta Lifebag UB frå Årdal vidaregåande skule. Det er seks jenter med svarte bukser og kvite t-skjorter med teksten Lifebag. Ei av dei held ein sjekk på 1000 kroner og ei held ein plakat der det står Gullbillett til NM for ungdomsbedrifter.

Lifebag UB skal no vidare til NM i ungdomsbedrifter 25. og 26. april. Foto: Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane

Lifebag UB vart beste ungdomsbedrift

Ungdomsbedrifta frå Årdal vidaregåande skule fekk den gjevaste prisen på fylkesmessa og skal no vidare til NM for ungdomsbedrifter.

Fylkesmessa for ungdomsbedrifter/Ungt Entreprenørskapsforum vart arrangert på Eid vidaregåande skule 14. februar.

Lifebag UB vart kåra til beste ungdomsbedrift. Forretningsideen deira er å selje posar som fangar opp mikroplast frå klede i vaskemaskina til hushaldningar. Slik vil dei gjere miljøet, dyra i havet og etter kvart oss sjølve ei teneste.

Dei får med seg kodeKit UB frå Eid vidaregåande skule og Afrinvest UB frå Flora vidaregåande skule til NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm 25. og 26. april. kodeKit UB fekk andreplassen i kåringa av årets ungdomsbedrift, medan Afrinvest UB vann berekraftprisen.

Heile lista over prisvinnarar på fylkesmessa, og grunngjevingar finn du på nettsidene til Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane.

Sjå bilete frå fylkesmessa på Flickr.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut