Bilete av ei av dagsturhyttene og omgjevnadane

Foto: Hanne Espe

Leikanger: Orrabu

Dagsturhytta i Leikanger ligg på Eggjahaugane, og heiter Orrabu. Frå Eggjahaugane har ein utsikt austover til Hermansverk sentrum, sør/ aust inn fjorden til Fresvik, sør til Feios og vestover mot Vangsnes i Vik kommune.

Tilkomst og parkering

Du kan parkere på parkeringsplassen ved Kleppa. Ta av til Kleppa ved Fv55 i Hermansverk og følg Kleppavegen til skisenteret.  

Stien til hytta

Du har fleire tur moglegheiter for å komme til Orrabu. Den kortaste startar frå parkeringsplassen ved Kleppa. Ein kan følge sti rett opp slalombakken eller grusveg rundt bakken til venstre. Stien går delvis i myr, men der er lagt ut planker.  

Grusvegen: du føl vegen til Husabøstølen, og tek av mot Øvstestølen. Rett før Øvstølen ta av og inn på stien som går rett mot toppen av skitrekket. Etter at du har passert trekket, fortset du innover på stien og går skrått nedover til du ser hytta. 

Vinterstid: det er trakka skiløyper på Øvstestølen.

For dei kjende: gå inn Henjadalen til stølen Dalhjella, og fylgje stien til Stokksete og ta av etter Raumålsgrinda. 

Avstandar

Eggjahaugen der hytta ligg er om lag 530 moh. Turen opp til dagsturhytta tek om lag 30 – 45 minutt frå parkeringsplassen på Kleppa dersom ein har med seg born.

Kontaktinformasjon 

Kjetil R. Nordvik, Leikanger kommune 

E-post: kjetil.rorstad.nordvik@leikanger.no 

Kart 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut