Grafisk element for opplæring, stilisert bølgje med bok og blyant
Grafisk element for opplæring, stilisert bølgje med bok og blyant

Grafikk: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ledige plassar i norsk og helse- og oppvekstfag for vaksne

Vi startar komprimert opplæring i norsk for yrkesfag og vg1 helse- og oppvekstfag i januar/februar. Undervisningsstad Skei.

Norsk for yrkesfag, Skei

Nokre ledige plassar i norsk for yrkesfaga. Kurset er nettbasert med samlingar på onsdag ettermiddag kvar 3. veke. Oppstart slutten av januar. Avsluttast i juni.

Inntakskrav: Fullført grunnskule, tilfredsstillande norskkunnskapar

Søknadsfrist snarast.

Vg1 helse- og oppvekstfag – programfaga, Skei

Komprimert opplæring på onsdagar frå byrjinga av februar. Undervisningsstad Skei.

Avsluttast i juni 2019 – framhald av aktuelle vg2-fag  august 2019

Inntakskrav: Fullført grunnskule, tilfredsstillande norskkunnskapar – relevant praksis ein fordel, ikkje krav.

Søknadsfrist: Snarast – seinast 20. januar.

Informasjon om tilbodet

Firda vidaregåande skule er ansvarleg for begge tilboda.

Alle vaksne over 25 år som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har rett til gratis opplæring spesielt tilpassa vaksne. Vaksne utan rett kan òg få opplæring, så langt det er plass.

Registrer søknaden elektronisk på www.vigo.noVidaregåande opplæring for vaksne​.

Søknadsfrist for opplæring i andre fag

Dersom du ynskjer opplæring i andre fag frå hausten 2019, send søknad innan 1. mars.

Planlagde opplæringstilbod frå hausten finn du på www.sfj.no/vaksen

Ynskjer du rettleiing?

Ta kontakt på vår servicetelefon 404 30 100 måndag–torsdag kl. 12.00–14.00, eller på e-post: vaksen@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut