Foto av taxi-skilt. Skiltet er blått og festa til ein stolpe. Det står skrive taxi med kvit skrift på det, og det er ei kvit råme rundt ordet. I bakgrunnen ser vi grøne tre.
Foto av taxi-skilt. Skiltet er blått og festa til ein stolpe. Det står skrive taxi med kvit skrift på det, og det er ei kvit råme rundt ordet. I bakgrunnen ser vi grøne tre.

Foto: Bjørn Erik Pedersen/Wikimedia Commons

Ledige drosjeløyve i fire kommunar

Vi har ledige drosjeløyve i Naustdal, Jølster, Fjaler og Gaular. Fristen for å søkje er 13. mai 2019.

Ledige drosjeløyve i Naustdal kommune

Stasjoneringsstad Naustdal sentrum

  • Løyve S-302: personbil med inntil 9 sete
  • Løyve S-717: krav om at bil er tilrettelagt for rullestol.

Ledig drosjeløyve i Jølster kommune

Stasjoneringsstad Skei i Jølster

  • Løyve S-257: personbil med inntil 9 sete.
  • Løyve S-712: krav om at bil er tilrettelagt for rullestol.

Ledig drosjeløyve i Fjaler kommune

Stasjoneringsstad Dale

  • Løyve S-222: personbil med inntil 9 sete.

I tillegg er det mogleg å ta ut eit ekstraløyve med krav om at bil er tilrettelagt for rullestol.

Ledig drosjeløyve i Gaular kommune

Stasjoneringsstad Bygstad

  • Løyve S-241: personbil med inntil 9 sete.
  • Løyve S-704: krav om at bil er tilrettelagt for rullestol.

Slik søkjer du

Ny løyvehavar må sikre seg tilgang til pasienttransport for å få eit drivverdig drosjeløyve. Kvalifikasjonskrav og vilkår for løyve vert stilt i medhald av yrkestransportlova med forskrifter. Det er taksameterplikt og uniformsplikt for alle løyvehavarar.

Søknadsfristen for drosjeløyva er 13. mai 2019.

Søknad på fastsett skjema må sendast til post@sfj.no eller til

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

Her kan du laste ned søknadsskjema for drosjeløyve.

Om du lurer på noko, ta kontakt på eller ta kontakt på 57 63 80 00.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut