Landstinget 2009 for LNK

Den 27.-29. mai skal det vera landsting i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) på Hotel Alexandra i Loen. Fylkeskommunen er medarrangør av konferansen i tilknyting til landstinget. Påmeldingsfristen er 4. mai.

LNK er ei samanslutning av kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak som har som føremål å fremje nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd.

Organisasjonen skal arbeide for å skape positive haldningar til nynorsk språk og kultur, og for at kommunane og styresmaktene tek desse sakene opp gjennom sine planverk. (www.lnk.no)

Konferansen er delt inn i tre tema:

  • Onsdag 27. mai - Omdømebygging i kommunane - nødvendig eller jåleri?
  • Torsdag 28. mai - Arbeidsinnvandring frå Europa - over bekken etter vatn?
  • Fredag 29. mai - Vern og vekst.

Søknadsskjema og informasjon om landstinget finn du ved trykka på biletet nedanfor.

LNK

Del dette:

Relaterte lenker