s 6zhvubq 4d
s 6zhvubq 4d

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

Landbrukskonferanse – Klimaklokt vestlandslandbruk

Korleis kan landbruket medverke i klimadugnaden og korleis kan bonden handtere klimaendringar? Dette er hovudtema for Vestland sin første landbrukskonferanse.

3.–4. september arrangerer Fylkesmannen i Vestland og  fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane  landbrukskonferanse i Sogndal.

Gjennom to dagar skal kommunar og andre interesserte få auka kunnskap gjennom gode og aktuelle innlegg, og dele erfaringar og idear. Vi vil også få tid til å bli kjende med nye samarbeidspartnarar og byggje nettverk.

Hovudtema for konferansen er Klimaklokt vestlandslandbruk. I tillegg får du innsikt i mange ulike landbruksfaglege tema.

Påmelding og program finn du her.

Bilde landbrukskonferansen Vestland 2019

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut