Lagar draumeplassar i naturen

Drøymer du om å skape ein naturmøteplass i lokalmiljøet? No kan du vinne arkitekttenester, prosjekthjelp og 50 000 kr.

4H Sogn og Fjordane inviterer lokalsamfunn til å søkje på Draumeplassen innan 1. mai.

– Vi vil velje ut to plassar i fylket som får realisert draumen. Den eine vil starte frå grunnen av. Den andre vil vere ein eksisterande naturmøteplass som blir utvikla vidare. Eg håpar på mange spennande søknader! seier Hanna deGroot, leiar for prosjektet Møteplass: Naturen i 4H Sogn og Fjordane.

Alle kan søkje

Bakgrunnen for prosjektet er at mange 4H-klubbar og lokalmiljøa rundt desse, har laga lokale naturmøteplassar dei siste åra. Naturmøteplassane er opne, tilgjengelege plassar i nærnaturen. Dei siste seks åra har heile 37 4H-klubbar i fylket laga naturmøteplassar, som gapahukar, grillhytter, gammar, klatrefelt og turstiar.

– No vil vi ta eit steg vidare for å utvikle konseptet naturmøteplass. Vi vil lage ein prosjektpakke for naturmøteplassar, til liks med ballbingepakkane. Både arbeidet med draumeplassane og prosjektpakken vil du etter kvart finne på ei nettside for naturmøteplassar. Då vil det bli enklare å planlegge og realisere naturmøteplassar over heile landet, seier prosjektleiar Hanna deGroot.

– Alle lokalsamfunn er invitert til å søkje på Draumplassen, ein treng ikkje å vere 4H-klubb, understrekar ho.

Fleire skal oppleve naturen

Det er arkitekt Bjørn Are Vollstad som vil hjelpe dei to draumeplassane frå idé til ferdig prosjektskisse. Dette vil skje gjennom fleire lokale idémøte der alle generasjonar er på banen.

– Eg er veldig glad for å ha blitt invitert med på å utvikle to draumeplassar. Det ligg hjartet mitt nær å hjelpe folk å vikle ut sine eigne draumar. Eg ser snarare på naturmøteplassane som kulturlandskap enn arkitektur. Her skal vi skape ein stad heller enn eit hus. Det handlar om å finne saman i naturen, i stilla, rundt bålet, i vind og i regn – og i solskin sjølvsagt, seier Vollstad.

Vollstad vil sitje i gruppa som skal plukke ut dei to vinnarane saman med prosjektleiar Hanna deGroot, Hjørdis Vik som er tillitsvald til eigarutvalet til Gjensidigestiftelsen Sogn og Fjordane og Atle Skrede, rådgjevar i Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

– Tilrettelegging for friluftsliv er viktig for å få fleire brukargrupper til å oppleve naturen, og arbeidet med å få fleire naturmøteplassar stemmer godt overeins med fylkeskommunen sine mål, seier Skrede.

Aktivitet og helse

Det er gjennom Gjensidigestiftelsen at ein har fått midlar til å kunne utvikle dei to draumeplassane. Prosjektet er også støtta av Extrastiftelsen, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og 4H Norge.

– Gjensidigestiftelsen vil løfte fram prosjekt som fremjar aktivitet og helse mellom born og unge. Naturmøteplassane famnar breitt, også grupper som fell utanfor organisert aktivitet, seier Hjørdis Vik, som er tillitsvald i Gjensidigestiftelsen.

– Eg ser at naturmøteplassane også vil vere eit positivt tilskot til dei mange turstiane Gjensidigestiftelsen har vore med og støtta dei seinare åra. I tillegg viser 4H god gjennomføringsevne, så eg er sikker på at vi også denne gongen får gode resultat.

Faktaboks

DRAUMEPLASSEN

Kriteria søknadene blir vurdert utifrå er

  • Barn og unge skal vere aktive i heile prosessen

  • Plassen skal kunne brukast av alle som vil

  • Vi vektlegg kreativitet og nytenking

  • Det er positivt om prosjektet har fleire samarbeidspartar

  • Vi vektlegg skildringar som viser omtanke for naturen, plassar som er eigna som læringsarena for natur- og miljøaktivitetar, samt søknadar som inkluderer turveg/turstiar og fysisk aktivitet.

Lokale organisasjonar kan søkje via www.4h.no/sognogfjordane innan 1. mai. Draumeplassen er ein del av det nasjonale pilotprosjektet Møteplass: Naturen som vart starta opp av 4H Sogn og Fjordane i 2014.

Kontaktpersonar

Hanna deGroot
prosjektleiar for Møteplass: Naturen
902 87 112

Åge Avedal
dagleg leiar i 4H Sogn og Fjordane
970 72 734

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00