Bilete av ei av dagsturhyttene.

Foto: Magnar Egil Øren Gangsø

Lærdal: Mjølkeflathytta

Dagsturhytta i Lærdal er plassert på Mjølkeflaten, og har fått namnet Mjølkeflathytta. Frå hytta er det god utsikt over Lærdal, både mot Øyri og oppover til Ofta og Hauge. 

Tilkomst og parkering

  • Kjøyr mot Lærdal grønt, kjøyr rett fram i staden for inn porten. Følg gangveg over brua, ta til venstre. Sti er skilta over tunnelen. 
  • Parkering ved Statens vegvesen (få plassar). Følg gangveg over brua, ta til venstre. Sti er skilta over tunnelen. 

Stien til hytta

Turen til Mjølkeflathytta er ein lett tur i fjellsida på nordsida av Lærdalsøyri. Stien er fin og godt merka. Det er ca. 30 min gange og omtrent 1 km. Det er fleire flotte utsiktspunkt mot Ofta og lenger oppover dalen. Litt lenger ned mot Hedler er det flott utsikt over Lærdalsfjorden. Nokre svaberg er sikra med tau spesielt mynta på vinterturar.

Det er mogleg å gå ein rundttur til Stødno. 

Kontaktinformasjon 

Monica Lysne Bøe, Lærdal kommune. 

E-post: Monica.Lysne.Boe@laerdal.kommune.no

Kart

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut