Bilete frå vatningsveita Ljøsneveiti i Lærdal kommune.

Foto: Knut Ivar Åland, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Lærdal er nytt utvalt kulturlandskap i jordbruket!

Statsrådane Ola Elvestuen og Jon Georg Dale presenterte i dag Midtre Lærdal som eitt av ni nye område som blir med på den eksklusive lista Utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Det utvalde kulturlandskapet i Lærdal er avgrensa til dalbotnen med jordbruksdrift i området mellom Hauge og Borlaug.

Satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei oppfølging av nasjonale mål om å ivareta kulturlandskapet. Dette er et samarbeid og spleiselag mellom landbruks- og miljøstyresmaktene. Satsinga er basert på frivillige avtaler mellom staten og grunneigarane, der skjøtsel av biologiske og kulturhistoriske verdiar blir støtta økonomiske gjennom ei eiga tilskotsordning.

Av 41 utvalde område i heile landet er no fire område i Sogn og Fjordane med i satsinga. Dette er Grinde-Engjasete i Leikanger kommune, Hoddevik-Liset i Selje kommune, Ormelid i Luster kommune og Lærdal. Fylkesmannen er tillagt rolla som koordinator og tilskotsforvaltar på vegne av staten. I tillegg har kommunane ei sentral rolle i ordninga.

Arbeidet med informasjon til grunneigarar og planlegging av tiltak blir sett i gang allereie sommaren 2018.

Del dette:

Relaterte lenker