Lærarstreiken er over

Lærarane som har vore i streik er no attende ved Mo og Øyrane og Hafstad vidaregåande skule. Det vert undervisning som planlagt frå 2. september ved Mo og Øyrane vgs, og 3. september ved Hafstad vgs.

Lærarane som er tilbake i jobb ved Hafstad vgs i dag har vore i streik sidan 11. august.

– Desse lærarane har ikkje fått gjennomført nokre planleggingsdagar, så dei nyttar dagen i dag til dette. Tysdag 2. september blir det felles planleggingsdag ved skulen, seier rektor Grethe Øren ved Hafstad vgs. Dette tyder at lærarane som ikkje har vore i streik har undervisning som vanleg måndag 1. september, og at all undervisning tek til onsdag 3. september. Det er mogleg at undervisning i formgjeving ikkje tek til før torsdag, nærare informasjon om dette kjem.

Ved Mo og Øyrane vgs vil undervisninga gå etter planlagde timeplanar frå og med tysdag 2. september.

Pressemelding frå KS: Lærarstreiken er over

For meir informasjon:

Grethe Øren
Rektor ved Hafstad vgs.
Tlf. 57637504/92258668
grethe.oren@sfj.no

Liv Horvei
Rektor ved Mo og Øyrane vgs.
Tlf. 57637301/48008357
liv.horvei@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00