Kvinnedelegasjon frå Fjordafylket

Sogn og Fjordane fylkeskommune stilte med ein rein kvinnedelegasjon under Vestlandsrådet sitt vårmøte i Førde.

Dei politiske representantane som møtte frå Fjordafylket var fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes, Elin Merethe Førde, Heidi-Kathrin Osland, Jenny Følling og Edith Aarebrot Madsen.

– Det er flott at det er så mange aktive kvinner i Sogn og Fjordane, seier leiar Olav Bratland i Vestlandsrådet i ein kommentar. Han trur kjønnssamansetnaden i delegasjonen frå vertsfylket skuldast tilfeldigheiter.

– Heilt flott! Sjølv om det eigentleg er eit brot på kvoteringsreglane, smiler fylkesrådmann Jan Øhlckers som er godt nøgd med å vera einaste mann på laget.

Del dette:

Relaterte lenker