Sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal på scena i smoking. Han står med ein mikrofon, og bak han står ein artist som er på veg opp på ein einhjulssykkel. Det er mørkt på scena, med eit sterkt grønt lys i bakgrunnen.
Sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal på scena i smoking. Han står med ein mikrofon, og bak han står ein artist som er på veg opp på ein einhjulssykkel. Det er mørkt på scena, med eit sterkt grønt lys i bakgrunnen.

Jan Ketil Smørdal er blant kandidatane til å vinne årets fylkeskulturpris.

Kven får fylkeskulturprisen?

Hovudutval for næring og kultur avgjer 22. november kven som får fylkeskulturprisen for 2016.

Det kom inn totalt 15 forslag til kandidatar. Ei innstillingsnemnd med medlemmar frå hovudutvalet har gått gjennom alle forslaga, og det står no att tre kandidatar.

Hovudutvalet kan velje mellom:

  • Jan Ketil Smørdal, for å ha sett Sogn og Fjordane på kartet både nasjonalt og internasjonalt gjennom å spreie sirkusglede og begeistring.
  • Judith Vestreim, for sitt arbeid med å formidle folkesong til barn og unge.
  • Ove Henning Solheim og Dans Uten Grenser, for å ha gitt barn og unge i fylket undervisning og danseglede gjennom ung-til-ung-metodikk i ti år.

Prisen er ein diplom og ein sum på 50 000 kr. Han vert delt ut på fylkestinget 6. desember 2016.

Sjå alle forslaga som kom inn.

Saksliste for møtet i hovudutvalet for næring og kultur 22. november.

For meir informasjon

Torbjørn Vereide
torbjorn.vereide@sfj.no
908 32 717

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00