Biblioteket på Sogndal videregåande skule
Biblioteket på Sogndal videregåande skule

Kvalitetsutvikling av vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Kunnskapsdepartementet publiserte i går ein rapport som rangerer dei vidaregåande skulane i landet. Formålet med rapporten er at skuleeigar skal få eit verkty for skuleutvikling. Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer å kome med nokre betraktningar knytt til rapporten.

Bakgrunnen for rapporten er eit ønskje om finne ut kva den enkelte skule bidreg med i elevane si læring. Dette har ein arbeidd lenge med å finne ut av både nasjonalt og internasjonalt. Om ein lukkast med å lage slike indikatorar vil dette kunne vere eit godt verktøy for kvalitetsutvikling.

Arbeid med å identifisere gode mål for dette har vist seg å vere særs vanskeleg. SSB har gjennom fleire prosjekt prøvd, men prosjekta vart avslutta m.a. på grunn av at kvaliteten på data ikkje har vore gode nok. Rapporten publisert av kunnskapsdepartementet prøver på ny å løyse denne utfordringa.

Rapporten peiker på sju resultatmål for den vidaregåande opplæringa. Eit samla gjennomsnitt av desse resultatmåla er det rapporten nyttar i rangering og av kvalitetsvurdering skuleeigarar og skular i Norge.  

Kva er desse sju resultatmåla?

  • Fullføring: Vi vurderer at dette er eit godt resultatmål.  Vi har gode resultat for gjennomføringa i Sogn og Fjordane.   

  • Deltaking: Dette er definert som om elevane framleis deltek i opplæringa etter tre år. Vi vurderer dette resultatmålet som problematisk. Yrkesfaglege elevar  har fire år som normert opplæring. I Sogn og Fjordane går om lag halvparten av elevane på yrkesfagleg utdanningsprogram.

  • Normert progresjon: Dette er eit mål på at elevane går igjennom opplæringa direkte frå grunnskulen. Vi vil peike på at elevar har ein lovfesta rett gjennom opplæringslova til å gjere eit omval. Elevar særleg innanfor yrkesfaglege utdanningsprogram nyttar seg av denne retten. Dette gjer at resultatmålet vert problematisk å nytte, særleg for fylke med mange elevar på yrkesfag.

  • Normert fullføring: Vi vurderer at dette er eit godt resultatmål.  I Sogn og Fjordane er dette eit av område der resultata kan betrast.

  • Standpunktkarakterar. I rapporten står det, «standpunktkarakterar kan vere problematisk sidan karakterpraksis kan variere systematisk mellom skular». Vi veit at dette kan vere tilfelle, og at praksisen særleg kan vere stor på tvers av skular i ulike fylke.

  • Norskeksamen: Vi vurderer at dette er eit godt resultatmål.  Vi har gode resultat for norskfaget i Sogn og Fjordane.  

  • Skriftleg eksamen: vi vurderer at dette målet kan nyttast som til å sei noko om skulekvaliteten.

Utfordringa med å nytte ein samleindikator for desse resultatmåla er at særleg skular/fylkeskommunar med høg del elevar på yrkesfag ikkje blir målte korrekt. Vidare vurderer vi følgjande utfordringar med rapporten som grunnlag for å rangere, og nytte resultata for å drive kvalitetsutvikling av vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane:

  • Analysen bygger på elevane som gjekk ut av grunnskulen i 2008 – 2009. Analysen gir dermed eit biletet på kvaliteten langt tilbake i tid. Kva vert då verdien med tanke på å utvikle skulane i notid?

  • Resultata etter vidaregåande opplæring blir i rapporten korrigert for det fagleg nivået i grunnskulen. Indikatoren som blir nytta er gjennomsnittleg standpunktkarakter frå grunnskulen. I rapporten står det følgjande: «Standpunktkarakterer fra grunnskolen kan være et unøyaktig og mulig skjevt mål på elevgrunnlaget dersom karaktersettingen varierer systematisk mellom grunnskoler». Våre erfaringar er at slike skeivheiter eksisterer mellom grunnskulane.

  • I rapporten har ein forenkla analysane gjennom å legge til grunn at elevane på vidaregåande skular ikkje byter skule. Nær 30 % av elevane i Sogn og Fjordane gjer dette. For desse elevane vil resultata bli tileigna feil skule.

  • Kvaliteten på data som rapporten og analysen nyttar er frå SSB. Vår erfaring er at desse data har dårleg kvalitet attende i tid. I 2010 sette Kunnskapsdepartementet i gang eit eige statistikkprosjekt for å betre datakvaliteten. Vi vurderer at analyser av data før 2011 har svært avgrensa verdi.

Resultata i Sogn og Fjordane

Vi har over tid vore blant dei beste fylkeskommunane både med omsyn til resultata på eksamen og for talet ungdomar som gjennomfører vidaregåande opplæring. Vi jobbar fortløpande mot målet om å ha den beste opplæringa i landet og skulebidragsindikatorane bidreg ikkje til ny eller auka kunnskap om vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane.  

 

Karianne Torvanger                                                                                     
Leiar hovudutval for opplæring
karianne.torvanger@sfj.no
996 06 484                 

Bekka Skaasheim
fylkesdirektør for opplæring
bekka.skaasheim@sfj.no
415 30 956                                             

 
 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00