Foto som syner skianlegget Jølster. Biletet er teke frå oppe i bakken og viser at det er snø berre i sjølve traseen. Det er usikt ned mot bygda og vatnet.
Foto som syner skianlegget Jølster. Biletet er teke frå oppe i bakken og viser at det er snø berre i sjølve traseen. Det er usikt ned mot bygda og vatnet.

Foto: Jølster skisenter.

Kva med vinterturismen når ikkje snøen kjem?

Korleis kan vintersportdestinasjonar førebu seg på klimaendringane? Vestlandsforsking presenterer forskingsresultat på Fjellsportfestivalen.

Vestlandsforsking har fått utarbeidd framskrivingar for naturlege snøforhold og vilkår for kunstsnøproduksjon ved dei fleste norske alpinanlegg for åra 2030, 2050 og 2080. Forskarane presenterer resultata på Fjellsportfestivalen i Sogndal 22. februar.

Les meir om seminaret på Fjellsportfestivalen.

Det er fylkeskommunen, Innovasjon Norge, Fylkesmannen og ei rekke bedrifter i Sogn og Fjordane som står bak forskingsprogrammet for innovasjon og verdiskaping i reiselivet. Prosjektet vert utført av Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet.

Stort potensial for vinterturisme

Snøforhold er sentralt for eit fylke som Sogn og Fjordane, som har stort potensial for vinter- og skiturisme. Men kva gjer ein om ikkje snøen kjem? Vestlandsforsking har drøfta framskrivingane med representantar for skianlegg og destinasjonsselskap og diskutert strategiar for tilpassing til varmare vintrar.

I fjord-Noreg har vinterturisme hatt ein auke på nærare 30 prosent i perioden frå 2000 til 2016. I Sogn og Fjordane har trafikken gått noko ned sidan toppåret 2012, og marknadsandelen målt mot trafikk til Noreg er stabil rett under 2 prosent. Vintertrafikken har ein auke på ca. 20 000 gjestedøgn frå år 2000. Det viser at problemstillinga er reell for nokre område i fylket, men dette er kunnskap som er viktigast for dei reine vinterdestinasjonane.

Historisk reiselivssatsing

Forskingsprogrammet for innovasjon og verdiskaping i reiselivet har som utgangspunkt at reiselivsnæringa i Sogn og Fjordane har eit natur- og kulturgrunnlag i verdsklasse – men at vi per i dag ikkje utnyttar potensialet.

– Dette er den største satsinga på næringsretta forsking og utdanning her i fylket nokon gong. Vi skal skape ei betre reiselivsnæring i Sogn og Fjordane, og vi skal utdanne fleire flinke folk til å drive næringa. Men då treng vi næringa med i prosjektet, seier Jan Heggheim, som er fylkesdirektør for næring og kultur og er med i stryingsgruppa for forskingsprogrammet.

Reiselivsnæringa utgjer i dag ca. ti prosent av den samla verdiskapinga i næringslivet i Sogn og Fjordane, mot 2,7 prosent på landsbasis. Det gjer næringa til noko av det viktigaste vi har – både i dag og i framtida.

Skal vere relevant

Næringsretta er eit stikkord i forskingsprogrammet. Dette skal ikkje vere forsking for forskinga si skuld. Det skal vere relevant og konkret, og slik skape ei større og sterkare reiselivsnæring i Sogn og Fjordane.

– Forskingsprogrammet skal vere relevant i alt vi gjer. Vi har alt fleire interessante delprosjekt i gang og på trappene. Vi vil blant anna måle effekten av større arrangement, kva ringverknadar har dei for lokalsamfunna rundt seg? Eit anna spennande tema er nye fartøy, mest aktuelt no er Visions of the Fjords, som i sommar starta å frakta turistar på Nærøyfjorden. Kva effekt har ei slik nyskaping for reiselivet i regionen og i heile fylket? Dette er ting vi ønskjer å få svar på, seier Halvor Flatland, direktør i Innovasjon Norge og leiar av styringsgruppa for forskingsprogrammet.

Fakta om prosjektet

Partnarar pr i dag

  • Innovasjon Norge
  • Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
  • Fjord1 AS
  • Aurland resursutvikling AS
  • Knutholmen AS
  • Hotell Alexandra AS
  • Høgskulen i Sogn og Fjordane
  • Vestlandsforsking.

Styringsgruppe

  • Halvor Flatland, Innovasjon Norge (leiar)
  • Jan Heggheim, Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Christian Rekkedal, landbruksavdelinga, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
  • Svein Inge Fosse, Knutholmen AS
  • Hilde Bjørkum, Førdefestivalen
  • Ann-Helen Blakset, Visit Nordfjord
  • Leif Longvanes, Høgskulen i Sogn og Fjordane
  • Merete Lunde, Vestlandsforsking

Om forskingsprogrammet

Strategisk forskingsprogram for innovasjon og verdiskaping i reiselivet

For meir informasjon

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur, Sogn og Fjordane fylkeskommune
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

Halvor Flatland
direktør, Innovasjon Norge Sogn og Fjordane
halvor.flatland@innovasjonnorge.no
957 81 493

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00