Kva er den mest attraktive staden i Noreg?

Staten sin pris for attraktiv stad vert no lyst ut for 2013. Fristen for å sende inn forslag er 26. februar. Sogn og Fjordane fylkeskommune oppmodar alle kommunar og innbyggjarar om å foreslå stadar her i fylket.

– Vi veit at det vert gjort mykje godt arbeid med å utvikle stadar over heile fylket, og vi veit at folk som bur her er svært stolte av heimstaden sin. Denne prisen skal heidre dei som gjer det vesle ekstra for å skape attraktive stadar. Eg vil nesten bli overraska dersom nokon er betre enn oss i Sogn og Fjordane på dette, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

250 000 kroner til vinnaren

Alle kan levere inn forslag på kandidatar. Forslaga må gje ei kort skildring av kva som gjer staden attraktiv, og kva tiltak som har hatt effekt for dette. Forslag kan sendast på Facebook-sida Norges beste plass innan 26. februar 2013. Sjølve prisutdelinga vert i siste del av mai.

Føremålet med kåringa er å framheve og heidre kommunar og/eller andre aktørar som har vist vilje og evne til å skape ein levande og attraktiv stad å bu, arbeide, drive næring og besøke. Kåringa skal bidra til å løfte fram førebilete som kan inspirere andre til innsats. Vinnaren får 250 000 kroner som skal gå til vidare utvikling av staden.

Legg vekt på innbyggjardeltaking

Prisen kan gå til ein kommune og/eller andre aktørar. Vinnaren må ha involvert offentlege, private og frivillige krefter til gjennomføring av tiltak som har ført til opprusting av staden når det gjeld både kvalitet og estetikk. Opprustinga har teke vare på og vidareutvikla staden sin eigenart på ein nyskapande og berekraftig måte, gjennom god utforming av fysiske omgjevnader.

Gode planprosessar og innbyggjardeltaking blir også lagt vekt på. Tiltaka skal ha bidrege til å auke stadens attraktivitet og folks oppleving av trivsel, høyre til og stoltheit for staden.

Frist for forslag er 26. februar

– Eg håpar det kjem mange forslag frå Sogn og Fjordane, og eg oppmodar både kommunar, verksemder, organisasjonar og innbyggarar om å føreslå kandidatar. Det bør vere et mål at vi får fram alle dei stadane som gjer at folk trivst med å bu her i fylket, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Juryen, som er leia av Erling Dokk Holm, tek imot forslag fram til 26. februar. Prisvinnaren kan vente seg besøk av kommunalminister Liv Signe Navarsete i slutten av mai.

Meir om prisen på heimesida til Distriktssenteret

For meir informasjon

Åshild Kjelsnes
tlf: 918 88 568
e-post: ashild.kjelsnes@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut