Illustrasjon samfunnsansvar
Illustrasjon samfunnsansvar

Kurs i samfunnsansvar

Korleis kan di verksemd gjennom praktisk arbeid med samfunnsansvar oppnå betre omdømme og lønnsemd?

Dette vil du lære meir om på kurset som vert arrangert på Sandane, i Sogndal, Florø og Flekke/UWC i haust.

Nettverket "Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane" inviterer nettverksbedrifter og andre verksemder i privat og offentleg sektor til:

3-timars introkurs i strategisk og innovativt arbeid med samfunnsansvar i haust.

Målgruppe: Kurset er retta mot styrerepresentantar, topp- og mellomleiarar.

Sjå fullstendig program her.

Det er sett opp introkurs i kvar av regionane i fylke. Her kan du sjå detaljar og påmelding for dei ulike stadane: 

Bedrifter møter stadig strengare krav innan miljø og etisk riktig framferd. Undersøkingar viser at bedrifter som tek desse krava på alvor og skapar eit positivt engasjement hjå dei tilsette innan dette arbeidet, scorar høgare på trivsel og er meir attraktive blant unge arbeidssøkarar. 

På dette introkurset får de med dykk verkty som kan hjelpe dykk i gong med å systematisere samfunnsansvarsarbeidet.

Set samfunnsansvar på dagsorden i eiga bedrift og meld dykk på! Du finn lenke til påmelding i lenkene over.

Kurset er i regi NHO Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00