Foto av mange lands flagg som heng i flaggstenger. Biletet er teke nedanfrå, og bak flagga ser vi blå himmel
Foto av mange lands flagg som heng i flaggstenger. Biletet er teke nedanfrå, og bak flagga ser vi blå himmel

Foto: Penn State/www.flickr.com

Kurs i fleirkulturell kompetanseheving

Sogn og Fjordane fylkeskommune og Kompetanse Norge arrangerer hausten 2017 ei gratis kursrekke for lærarar og andre som jobbar med fleirkulturelle menneske.

Kurset går over to dagar, og det blir arrangert i både Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

Den første kursdagen har fått tittelen «Kulturtolk – Grunnleggande forståing for kultur og læring» og er ved kulturtolk Bjørn Christian Nørbech. Dag to handlar om traumer og læring, og kurshaldar er Janita Flem Tomren ved Kompetanse Norge.

Den første kursdagen blir arrangert i veke 39:

  • Sogndal: 26. september
  • Førde: 27. september
  • Eid: 28. september

Den andre kursdagen blir arrangert i veke 42:

  • Sogndal: 18. oktober
  • Førde: 19. oktober
  • Eid: 20. oktober

Meir informasjon om kurset og påmeldingsskjema finn du her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut