Skulebilete av born i Skor skule. Lærar var Orlaug Sognnes. Det var samla skule. Skulen vart nedlagd ca. 1965. Huset er i dag samlingshus for grenda. Til høgre ser vi skulehuset, til venstre uthuset.
Skulebilete av born i Skor skule. Lærar var Orlaug Sognnes. Det var samla skule. Skulen vart nedlagd ca. 1965. Huset er i dag samlingshus for grenda. Til høgre ser vi skulehuset, til venstre uthuset.

Skulebilete av born i Skor skule. Lærar var Orlaug Sognnes. Det var samla skule. Skulen vart nedlagd ca. 1965. Huset er i dag samlingshus for grenda. Til høgre ser vi skulehuset, til venstre uthuset. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kurs i digital formidling

Onsdag 18. januar heldt skuleprosjektet «Skulen min» kurs i digital formidling i Hyllestad kommune. 

Kurset hadde til saman 17 deltakarar. Frivillige frå Hyllestad sogelag, tidlegare lærarar, tidlegare elevar, kulturavdelinga i Hordaland fylkeskommune og andre interesserte fann alle vegen til Hotel Sognefjord i Leirvik denne kvelden. 

Skulen min er eit prosjekt i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Målet er å samle inn og formidle skulehistorie i ein digital portal.

Lokalhistoriewiki og digitale bilde

På kurset fekk deltakarane opplæring i bruk av lokalhistoriewiki.no. Dette er ein fag- og forskingswiki som drivast av Norsk lokalhistorisk institutt. Både faghistorikarar og andre entusiastar er velkomne til å skrive på sida. Kursdeltakarane fekk oppretta brukarkontoar og lære korleis dei legg til informasjon.

Det var fleire gode bidrag og samtalar om skulekrinsane, skulevegane, lærarane og mykje anna om skulehistoria i Hyllestad kommune.

I tillegg fekk deltakarane høve til å skanne gamle bilde og lære å publisere desse på rett skuleside på lokalhistoriewiki.no.

SFFf-1996179.0011 1024 gonge 768.jpg

Sørefjord skule, ca. 1924. Skulen heldt til i eine stova på garden Sørefjord. Borna sat kring langbord og dei gjekk på skulen kvar dag. Lærar var Andreas Salbu (Kvien). Enkelte år kunne det vere over 20 skuleborn i krinsen. Her står borna i hagen nedanfor stova. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. 

Nye kurs og kontaktinformasjon 

Skuleprosjektet tek sikte på å halde kurs i fleire kommunar i løpet av våren. Har du lyst til å bidra til prosjektet kan du kontakte

  • prosjektleiar Sigrun Espe: sigrun.espe@sfj.no/990 44 666
  • prosjektmedarbeidar Miriam Kayser Digernes: miriam.kayser.digernes@sfj.no/906 98 842.

For meir informasjon om «Skulen min» besøk fylkeskommunen si heimeside eller lokalhistoriewiki

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00