Illustrasjon av ei brun ugle med ei blå bok.
Illustrasjon av ei brun ugle med ei blå bok.

Kunnskapsgrunnlag

Fylkestinget vedtok gjeldande regional transportplan i desember 2013. Planen skal reviderast kvart 4. år. I Regional planstrategi 2016 – 2020 går det fram at regional transportplan skal reviderast/utarbeidast i løpet av 2016/17 med vedtak i fylkestinget i desember 2017.

På grunn av den strategiske rolla samferdsle og transport spelar for utviklinga av fylket, vert dette peika på som eit heilt sentralt tema i regionalt planarbeid.

Bakgrunn

RTP vil vere eit godt kunnskaps- og vedtaksgrunnlag for prioriteringar gjennom handlingsprogram og budsjettvedtak. Planen skal også vere eit grunnlag for å påverke/gje innspel til prosessar som gjeld Sogn og Fjordane, men som ligg utanfor fylkeskommunen sine direkte ansvarsområde, som til dømes til Nasjonal transportplan (NTP). RTP skal omhandle heile transportsystemet i fylket, også tema utanfor fylkeskommunen sitt ansvarsområde. RTP skal vere ein regional langsiktig strategiplan for transportsektoren i Sogn og Fjordane.

Rammer for arbeidet med Regional transportplan 2018–2027

Av internasjonale rammer finns til dømes EU si kvite bok1, som er eit overordna policydokument som set rammene for europeisk transportpolitikk fram mot år 2050 og legg føringar for konkrete regelverksinitiativ som vil bli fremja dei neste 10 åra.

Dei nasjonale føringane for RTP Sogn og Fjordane er hovudsakleg gjeve i NTP, men også andre nasjonale utgreiingar kan vere aktuelle.

På regionalt nivå finns det fleire planar, vedtak og utgreiingar som vil vere førande og retningsgjevande for arbeidet med RTP.

Internasjonale rammer

I 2011 la EU-kommisjonen fram ei ”kvitbok” om EU sin transportpolitikk fram mot år 2050. Hovudmålet er å opprette eitt felles europeisk transportområde, utan barrierar mellom ulike transportformer og nasjonale system. For å få til ei utvikling av transportsystemet som er bærekraftig i høve til ressursar og miljø, skal ein bryte den parallelle utviklinga av økonomisk vekst og vekst i transportvolumet. Det inneber omlegging av produksjons- og distribusjonsstrukturen og godstrafikken må overførast frå veg til jernbane og sjøtransport.

Paris-avtalen vart vedteken i 2015 og er den første rettsleg bindande klimaavtalen med reell global deltaking. Målet er å redusere auken i den globale gjennomsnittstemperaturen til godt under 2,0 °C i høve til før-industrielt nivå og forsøke å avgrense temperaturauken til 1,5 °C

Nasjonale rammer

29. februar 2016 la dei statlege transportetatane fram sitt grunnlagsdokument for Nasjonal transportplan 2018-2029. Grunnlagsdokumentet bygger på retningsliner frå Samferdsledepartementet. Nasjonal transportplan vert revidert kvart fjerde år. Regjeringa vil legge fram stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan våren 2017.

Ved sidan av NTP er dei ulike offentlege transportetatane sine handlingsprogram viktige dokument i arbeidet med RTP. Handlingsprogramma er gjennomføringsplanar for NTP og dannar grunnlaget for dei årlege statsbudsjetta. Dermed er dei også ein del av NTP. Gjeldande plan er for perioden 2014 - 2023. Neste NTP vil gjelde for 12-årsperioden 2018 – 2029.

Hovudmåla i Nasjonal transportplan

Regjeringa sitt overordna mål for transportpolitikken var definert slik i Nasjonal transportplan for 2014 – 2023:

«Å tilby et effektivt, tilgjengelig, sikkert og miljø- vennlig transportsystem som dekker samfunnets behov for transport og fremmer regional utvikling.».

Følgjande hovudmål for transportpolitikken er fastlagt gjennom Nasjonal transportplan 2014 – 2023:

  • Bedre framkommelighet og reduserte avstandskostnader for å styrke konkurransekraften i næringslivet, og for å bidra til å opprettholde hovedtrekkene i bosettingsmønsteret.
  • En visjon om at det ikke skal forekomme ulykker med drepte eller hardt skadde i transportsektoren.
  • Begrense klimagassutslipp, redusere miljøskadelige virkninger av transport, samt bidra til å oppfylle nasjonale mål og Norges internasjonale forpliktelser på helse- og miljøområdet.
  • Et transportsystem som er universelt utformet.

I grunnlagsdokumentet til Nasjonal transportplan 2018-2029 er regjeringa sitt overordna mål for transportpolitikken formulert slik:

«et transportsystem som er sikkert, fremmer verdiskaping og bidrar til omstilling til lavutslipps-samfunnet».

Ut frå det overordna målet er det definert tre hovudmål. Desse beskriv transportsystemet sin primære funksjon (framkome) og kva omsyn som skal takast ved utviklinga av transportsystemet (transporttryggleik og klima og miljø).

  • Framkome
    Betre framkoma for personar og gods i heile landet
  • Transporttryggleiken
    Redusere transportulukkene i tråd med nullvisjonen
  • Klima og miljø
    Redusere klimagassutsleppa i tråd med ei omstilling mot eit lågutsleppssamfunn og redusere andre negative miljø-konsekvensar.

Regionale rammer for planarbeidet

Mål og strategiar i Regional planstrategi 2016 – 2020, fylkesdelplanar og andre regionale planar samt politiske vedtak er viktige for arbeidet med RTP for Sogn og Fjordane:

  • Handlingsplan for trafikktrygging 2014-2017
  • Regional transportplan, handlingsprogram 2014–2017
  • Regional planstrategi Sogn og Fjordane 2016 – 2020
  • Skulebruksplan for Sogn og Fjordane
  • Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane
  • Fylkesdelplan for klima og miljø (handlingsplan)

Andre regionale og kommunale utgreiingar eller prosessar:

  • Transportplan for Vestlandet E 39 Kyststamvegen (Vestlandsrådet)
  • KVU Rv. 15 Strynefjellet
  • Utviklingsstrategi for ferjefri og utbetra E39 (NTP 2018-2029)
  • Skredsikringsbehov for riks- og fylkesvegar i region vest
  • Vedtatt standard for fylkeskommunalt minstetilbod med båt
  • Vedteke funksjonsinndeling av fylkesvegnettet
  • Vedteke tunnelrehabiliteringsplan

Opplistinga over regionale føringar og plandokument er på ingen måte uttømande, men viser viktige bakgrunnsdokument som har vore relevante for arbeidet med kunnskapsgrunnlaget, og som vil vere relevante for arbeidet med plandokumentet Regional transportplan 2018 – 2027.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00