Foto av gruppearbeid frå eit stort rom/ein aula der fire grupper sit samla og diskuterer noko. Det er fem personar på kvar gruppe. Rommet er lyst og høgt under tak, golvet er grønt og i glas.
Foto av gruppearbeid frå eit stort rom/ein aula der fire grupper sit samla og diskuterer noko. Det er fem personar på kvar gruppe. Rommet er lyst og høgt under tak, golvet er grønt og i glas.

Gruppearbeid med tema samarbeidsstrategiar og kunnskapsdeling var del av programmet på studieturen i Spania. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kunnskapsdeling på dagsorden i europeisk prosjekt

Deling av kunnskap var tema då ein delegasjon frå Sogn og Fjordane fylkeskommune møtte partnarar frå andre distriktsregionar i Europa i Spania tidlegare i haust.

Distriktssamfunn i Europa har mange av dei same utfordringane. Korleis kan vi samarbeide, dele kunnskap og arbeide i nettverk utan å nødvendigvis sitje i same møterom, same bygning eller same bygd er ei av dei.

Dette er tema for eit europeisk prosjekt, som Sogn og Fjordane fylkeskommune leiar. Partnarane er frå distriktssamfunn i Finland, Italia, Kroatia, Slovenia, Spania og Noreg.

Spansk samarbeid på dagsorden

Prosjektet vart sparka i gang i Sogndal i april, og i slutten av september var det tid for samling nummer to. Den spanske partnaren SODEBUR (The Society for the Developement of the Province of Burgos) inviterte partnarane på besøk. På programmet stod føredragshaldarar frå ulike delar av innovasjonssystemet, og dei fortalde om korleis dei jobbar med å dele kunnskap.

– Vi fekk høyre om samarbeid mellom offentlege styresmakter, forskings- og utdanningsinstitusjonar, utviklingsselskap og verksemder. Det var interessant å få sjå korleis innovasjonssystemet i Burgos fungerer i praksis og få nokre døme på samarbeid, fortel Ingvild Andersen, som leiar arbeidet med prosjektet i fylkeskommunen.

Tidkrevjande å delta i nettverk

I programmet på studieturen var det også sett av tid til ein verkstad der partnarane jobba i grupper med spørsmål rundt samarbeidsstrategiar og kunnskapsdeling.

For små og mellomstore bedrifter med avgrensa administrativ kapasitet kan nettverksdeltaking bli sett på som ein tidkrevjande aktivitet. Det å ha effektive og strukturerte dialogar som leiar til raskare avgjersler er difor ein viktig del av nettverksarbeidet.

Vegen vidare

Deltakarane kartlegg no innovative nettverk i eigen region og nokre av verkemidla som er tilgjengelege for å etablere og fornye nettverk. Det neste studiebesøket går til Rijeka i Kroatia i desember og vil handle om verktøy for ulike steg i en innovasjonsprosess.

Prosjektet er kalla «Policies to Improve Rural areas' Innovation Systems by professionalising networking activities and use of innovation tools» (P-IRIS) og skal gå fram til 2021.

Våren 2019 skal partnarane lage handlingsplanar for dei to siste åra av prosjektet og implementere ny god praksis i eigen region.

Partnarane i P-IRIS-prosjektet

  • Sogn og Fjordane County Municipality (Norway)
  • Development Centre of the Heart of Slovenia (Slovenia)
  • Local Development Agency PINS (Croatia)
  • Regional Council of Central Ostrobothnia (Finland)
  • Society for the Development of the Province of Burgos (Spain)
  • Poliedra – Politecnico di Milano (Italy)

Meir informasjon om P-IRIS-prosjektet her.

For meir informasjon

Ingvild Andersen
Prosjektleiar P-IRIS
ingvild.andersen@sfj.no
57 63 80 39

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00