Bilete av hender som held ein penn
Bilete av hender som held ein penn

Kulturminneplansamling

Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer kommunar som jobbar med lokale kulturminneplanar til samling i Førde tysdag 24. og onsdag 25. januar. 

Samlinga i januar er retta mot dei kommunane som er midt i prosessen med å utarbeide kommunale kulturminneplanar. Målet er å tilby dei som kjem frå kommunane ei skjerma stund for skriving og arbeid med eigen plan, rom for å diskutere problemstillingar med andre, oppfølging og innspel frå fagpersonar, samt korte innleiingar/presentasjonar på tema som er aktuelle for mange av dei.

Vi kjem mellom annan til å kome inn på desse punkta:

  • Disposisjon og struktur
  • Verdivurdering og prioritering
  • Tiltaksplan
  • Kart
  • Askeladden – uttrekk av informasjon om registrering
  • kulturminnesok.no – ny drakt, nye funksjonar

Fagpersonar frå kulturminneteamet i Sogn og Fjordane fylkeskommune og frå Riksantikvaren er til stade under heile samlinga.

Meir detaljert program kjem i januar. Les meir om arbeidet med lokale kulturminneplanar i Sogn og Fjordane på sfj.no/lokale-kulturminneplanar.

Påmeldingsfrist: 22. desember. Påmeldingsskjema på nett.

Når:

Vi startar tysdag 24. januar kl 10.00. Kaffi vert servert frå kl 09.30. Vi held på heile dagen. For dei som ønskjer det et vi middag i lag på hotellet på kvelden. Onsdag 25. januar held vi på fram til lunsj.

Kven:

Kommunane kan sjølve bestemme kven og kor mange som deltek. Både kommunalt tilsette, frivillige og eventuelt andre kan delta.

Kostnad:

Deltakarane/kommunane må sjølve dekke kostnadane. Sjå påmeldingsskjema for meir informasjon. 

Kvar:

Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde.

 

 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00