Foto frå utdelinga av kulturlandskapsprisen 2017. Prisvinnar Leif Magne Sylvarnes står mellom landbruksdirektør Christian Rekkedal og fylkesordførar Jenny Følling. Han held eit diplom og blomster.
Foto frå utdelinga av kulturlandskapsprisen 2017. Prisvinnar Leif Magne Sylvarnes står mellom landbruksdirektør Christian Rekkedal og fylkesordførar Jenny Følling. Han held eit diplom og blomster.

Prisvinnar Leif Magne Sylvarnes saman med landbruksdirektør hjå Fylkesmannen, Christian Rekkedal og fylkesordførar Jenny Følling.

Kulturlandskapsprisen til Leif Magne Sylvarnes

Sylvarnes får prisen for arbeidet sitt med landbruk og skjøtsel på den veglause garden Sylvarnes i Vik kommune.

Prisen er på 10 000 kroner og vert delt ut av fylkeskommunen og Fylkesmannen for første gong i år. Leif Magne Sylvarnes vert heidra for innsatsen han gjer for å ta i vare kulturlandskapet og tradisjonane på garden. Han er oppvaksen på garden og har drive han heile sitt vaksne liv.

Leverer mjølk annankvar dag

Sylvarnes arbeider på garden fulltid, dei siste åra saman med drengen Marek Dunkel frå Polen. Han har ein liten flokk vestnorsk fjordfe, om lag 30 sauer og ein fjording som fungerer som arbeidshest. Mjølka vert frakta til Vik meieri med båten som kjem til Sylvarnes annankvar dag. På meieriet vert mjølka nytta til gamalost.

Den meste av marka på garden er bratt, og Sylvarnes held kulturlandskapet i hevd på autentisk vis. Alt arbeid vert gjort med handemakt, lett tohjulstraktor og hest. Uavhengig av kor bratt det er, vert alle teigane slegne heilt ut til kantane. Gardsdrifta gjer at bøane på garden er særs velhaldne og i god hevd, noko som er godt synleg frå fjorden.

Autentisk drift

– Sylvarnes er eit flott døme på aktive gardbrukarar som brenn for å ta vare på kulturlandskapet og kulturhistoria, og som samstundes ser utover garden og inkluderer folk utanfrå til å ta del i gardsdrifta. Ettersom garden framleis vert driven på ein så autentisk måte, er han eit framifrå døme på korleis det tidlegare såg ut i alle desse veglause grendene, der landbruket har vore levebrød til alle tider, sa landbruksdirektør Christian Rekkedal hjå Fylkesmannen under prisutdelinga.

Kulturlandskapsprisen vart oppretta i 2016, og Sylvarnes er såleis den første som får prisen.

Prisen skal medverke til auka merksemd og kunnskap om kulturlandskap og utfordringar knytt til det, og skal vere ei påskjøning for særskilt innsats i dette arbeidet. Prisen kan delast ut til gardbrukarar, grunneigarar, lag og organisasjonar som forvaltar miljø- og kulturlandskapsverdiane på ein særs god måte.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00