Vinnarane av kulturlandskapsprisen 2018, Roald Lunde, Jon Erling Oppedal, med blomar og diplom saman med fylkesordførar Jenny Følling og landbruksdirektør Christian Kjellestad.
Vinnarane av kulturlandskapsprisen 2018, Roald Lunde, Jon Erling Oppedal, med blomar og diplom saman med fylkesordførar Jenny Følling og landbruksdirektør Christian Kjellestad.

Jon Erling Oppedal og Roar Lunde tok imot prisen frå fylkesordførar Jenny Følling og landbruksdirektør Christian Rekkedal. Lars Grinde var ikkje til stades tysdag. Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kulturlandskapspris til trio frå Leikanger

Lars Grinde, Roald Lunde og Jon Erling Oppedal får Kulturlandskapsprisen 2018 for deira arbeid med landbruk og skjøtsel i det nasjonalt utvalde kulturlandskapet Grinde–Engjasete.

– Eg vil takka for prisen, og det er ein pris som forpliktar, sa Roald Lunde då han tok imot prisen ved opninga av Fylkestinget tysdag. 

Kulturlandskapsprisen for Sogn og Fjordane vart oppretta hausten 2016 i samarbeid mellom Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Kulturlandskapsgruppa i Sogn og Fjordane er jury for prisen. Prisen skal medverke til auka merksemd og kunnskap om kulturlandskap og utfordringar knytt til dette, og skal vere ei påskjøning for særskild innsats i dette arbeidet.

Tradisjonsberarar

– Årets vinnarar har gjort ein stor innsats for å ta vare på kulturlandskapet og tradisjonar i eit område som av fagmiljø innan kulturlandskap vert rekna for å vere blant dei best bevarte områda  for lauvbruk i Norge, sa Christian Rekkedal, landbruksdirektør ved Fylkesmannen, som delte ut prisen saman med fylkesordførar Jenny Følling.

– Lars Grinde, Jon Erling Oppedal og Roald Lunde er tradisjonsberarar som på kvart sitt vis har æra for at kulturlandskapet på Grinde og Engjasete framstår som den perla det er i dag. Motivasjonen og stå-på-viljen desse tre har og har hatt er heilt avgjerande for vedlikehaldet av dette flotte kulturlandskapet, heldt Rekkedal fram.

Det er andre gongen Kulturlandskapsprisen vert delt ut. I 2017 gjekk prisen til Leif Magne Sylvarnes.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00