Kulturkonferansen Vestland

21. mars arrangeerte Hordaland og Sogn og Fjordane i fellesskap ein kulturkonferanse i Bergen. Fylkesordføraren hadde følgande helsing under opninga. 

Kulturkonferansen Vestland, Bergen, 21.mars   

Velkomne til kulturkonferansen – Vestland sin første felles konferansen for kunst- og kulturaktørane. Det er inspirerande at vi har klart å samla så mange kompetente og dedikerte menneske her i dag. Kulturen går føre og viser veg.

Vestland fylke må bli motor i utviklinga av den vestnorske kulturen. Det må bli ei kampsak, og vi har eit hav å ause av. Vi har rike og gode tradisjonar heilt frå Edvard Grieg og Nikolai Astrup til Linda Eide, som vart kåra til årets Hordalending. No er hennar program Språkteigen blitt så populært at det vert flytta til helgeunderhaldning. Vi har eit mangfald av artistar, kunstnarar, teater og ikkje minst den nasjonale scene.

Det nynorske språket er kanskje den aller tydlegaste og sterkaste identiteten vi har. Språket og kulturen vil bli viktige byggesteinar i det nye fylket.

Å komme saman og bygge nettverk er viktig. Mange kjenner kvarandre frå før, men no er det ny ramme for møta våre. Vi skal skape noko nytt i lag kvar dag - i kunst- og kulturinstitusjonane, i organisasjonane, i kulturverksemdene, i kommunar og fylkeskommunar.

Kunst og kultur har ein eigenverdi. Det spelar også ei viktig rolle i samfunnsutviklinga. Der ligg spenningar som bidrar til å styrkje legitimiteten. Kulturen skal utfordre - vi må la oss utfordre - også når det opplevest som ubehageleg. Det er kulturen sitt previlegium.

Fylkeskommunen vil legge til rette for at kunst- og kulturlivet kan bli ei kraft og eit lokomotiv i det nye fylket. Eit mål med regionreforma er å gje dei nye fylka ei sterkare rolle som samfunnsutviklar. Landsdelane har forskjellige utfordringar og det krev ulike løysingar. Det gjeld òg kulturfeltet.

Vi forventar nye oppgåver på kulturområdet. Så veit eg at mange innan kunst- og kulturlivet er skeptiske til det, men dersom vi står samla, så får vi til meir. Fylkeskommunen er kulturen sine venner. Her er mange kulturinteresserte politikarar. Vi tilsette med høg kompetanse, vi kjenner utfordringane, vi ser moglegheitene.

Så skal vi vere bevisste på at vi har ulike roller. Då må visnakke godt ilag, kjenne kvarandre sine synspunkt, sette mål og finne løysingar. Vi må stimulere og utvikle det mangfaldet av kunst- og kulturfagleg kompetanse vi har i heile det nye fylket.

No startar jobben med å bygge felles kultur i det nye fylket. Vi skal saman bygge den nye regionen. Vi skal fremme inkludering. Vi skal ta viktige posisjonar. Vi skal heie på kvarandre når vi lukkast, og vi skal løfte kvarandre når det trengs. Heie fram den vestnorske kulturen, humoren, sarkasmen og det skråblikket kulturen har på det som skjer.

Eg ønskjer alle saman lukke til med konferansen i dag og ser fram til samarbeidet i åra framover. De gjer alle saman ein viktig jobb. Kulturen vil bli ein viktig byggestein i det nye fylket!

Velkomne til kulturkonferanse!