Foto frå teaterfestivalen i Fjaler 2017. Biletet syner fleire personar som bevegar seg oppå fjorden i store, blanke ballar.
Foto frå teaterfestivalen i Fjaler 2017. Biletet syner fleire personar som bevegar seg oppå fjorden i store, blanke ballar.

Foto: David Zadig

Kulturkonferansen Vestland – Ein ny region veks fram

Hordaland og Sogn og Fjordane inviterer til felles kulturkonferanse i Bergen torsdag 21. mars. Dette blir den første av mange regionale møteplassar for kultur i nye Vestland fylkeskommune.

Kulturkonferansen Vestland er ein konferanse for alle som jobbar med kultur i Sogn og Fjordane og Hordaland, både i kommunar, institusjonar og lag/organisasjonar. Vi ønskjer å gi eit fagleg tilbod, men også skape ein møteplass der ein kan påverke og lære, inspirere og verte inspirert til arbeidet vidare lokalt og regionalt.

Konferansen finn stad på Scandic Ørnen i Bergen sentrum. Påmeldingsfristen er 5. mars. Påmeldingsskjema og meir informasjon finn du her: vlfk.no/kulturkonferansen2019

Følg med på Facebook for meir informasjon fram mot konferansen.

Store spørsmål på programmet

Vestland fylkeskommune er ein realitet frå januar 2020, men samarbeidet i regionen er allereie godt i gang. Naturleg nok vil regionreform og kulturen si rolle i den nye regionen stå på agendaen på denne konferansen.

Spørsmål som vert stilt er mellom anna:

  • Korleis legg vi best til rette for eit kultur- og idrettsliv, som ein relevant og representativ basis i bygging av demokratiet?
  • Korleis skal Vestland fylkeskommune gje næring til kulturlivet?
  • Kva er dei nye fylkeskommunane sitt handlingsrom på kultur- og idrettsfeltet?
  • Har institusjonane noko å frykte?

Til å debattere desse og fleire spørsmål, kjem regionale, nasjonale og internasjonale politikarar, samt leiarar frå regionale kulturinstitusjonar, mellom anna Musea i Sogn og Fjordane, Harmonien, Bildende Kunstneres Forening Hordaland, Nattjazz og Vestland idrettskrins.

Konferansen ønskjer også å løfte blikket og sjå dei store linjene i regionreforma. Til å bidra med dette kjem førsteamanuensis Jon Paschen Knudsen, riksarkivar Inga Bolstad og Katti Hoflin, kultursjef i Västra Götalandsregionen i Sverige.

Ein sosial og kulturell møteplass

For å legge til rette for gode felles opplevingar og den gode praten inviterer vi konferansedeltakarane til sosialt samvær og kulturelt innslag: Bli med på framsyninga «Heim 2 – Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: 1975–1985» på Hordaland Teater kl. 19.00.

Vi har ein del billettar, men ikkje nok til alle, så her gjeld det å vere tidleg ute med påmeldinga. Teaterbillettar må tingast innan 1. februar.

Anleggskonferansen 2019

Dagen før kulturkonferansen (onsdag 20. mars) arrangerer fylkeskommunane og idrettskrinsane i Hordaland og Sogn og Fjordane Anleggskonferansen 2019. Dei det er relevant for kan også melde seg på anleggskonferansen og få med seg begge konferansane.

Program og lenke til påmelding finn du på idrettsforbundet si side.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut