jpx 7fbdkv 6

Foto: Sigbjørn Hvidsten (cc by-sa)

Kulturfestivalen 2019

Den 31. kulturfestivalen for utviklingshemma vart arrangert i Førde 29. til 31. mars. Dette var eit fantastisk arrangement med vel 100 deltakarar frå heile Sogn og Fjordane. Her er fleire bilete frå helga.

Alle bileta i saka er av Sigbjørn Hvidsten (cc by-sa)

Det var stor aktivitet heile helga. Deltakarane fekk vere med på ulike kurs og verkstader som maling, band, hip hop, folkedans og teater. Deltakarane fekk på denne måten utvikle, oppleve og utrykke seg innan ulike kunstuttrykk. Dei dyktige instruktørane kom frå heile landet. 

Årets festival vart opna av ordførar Olve Grotle. «Den viktigaste festivalen i fylket» var meldinga frå Grotle, og han var svært takknemleg for at Førde kunne vere vertskapskommune.

Det nystarta bandet Florø rock spelte på opninga og fridde til publikum med kjende songar der stemninga vart stor.

TV BRA, ein nett-tv kanal for og med utviklingshemma, stod for ein av verkstadane. Her fekk deltakarane opplæring som reporter og fekk prøve seg bak kamera.

Laurdag var det opptog i Førde sentrum, og hiphop-dansarane Daniel Grindeland og Halvard Haldorsen hadde oppvisning mellom snøbygene. Alt vart dokumentert av TVBra.

Bandet Proffene frå Bergen spelte til dans laurdag. Proffen vart etablert i 1988 og har gleda folk i alle aldrar både i inn og utland. Dansegolvet var fullt og Proffene skapte stemning.

Sundag fekk ein fullsett sal nyte framsyninga Pirater i Kjuttavika på Larris Scene. Dette vart ei stor oppleving med flotte prestasjonar.

Her vert ei av dei som står bak arrangementet intervjua av TVBra. Jorunn Bakke Nydal og fylkeskommunen samarbeider med NFU om å arrangere kulturfestivalen kvart år. 

tvbra.no kan du sjå eit innlegg frå festivalen. 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut