Absence Crew på Kulturfestivalen for funksjonshemma 2018 i Førde. To dansarar på ei utescene, den eine står på hovudet, den andre på hendene.
Absence Crew på Kulturfestivalen for funksjonshemma 2018 i Førde. To dansarar på ei utescene, den eine står på hovudet, den andre på hendene.

Foto: Marie Nicolaisen / Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kulturfestivalen 2019

Kulturfestivalen for utviklingshemma i Sogn og Fjordane er ein unik og inkluderande kulturfestival for alle som likar musikk og kultur.
29.–31. mars inviterer vi til ny festival.

Kulturfestivalen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norsk forbund for utviklingshemma. Kvart år sidan starten har festivalen samla fulle hus med deltakarar frå heile fylket.      

Målet er å skape ein kulturell og sosial arena for dialog, samhald og likeverd gjennom positive opplevingar.

Band, dans, mat, fest og bydag

Det blir verkstadar, konsertar, dans og mykje meir.

Blant dei som kjem er Daniel og Halvard frå hip hop-gruppa Absence crew.

Søndagen blir avslutta med ein konsert som deltakarane på festivalen lagar saman. Det kjem også musikkterapistudentar frå Griegakademiet i Bergen.

For alle over 16 år

Kulturfestivalen er for alle over 16 år. Festivalen er også open for bustadar og fritidsgrupper. Kursa er lagt opp med ulike nivå som deltakarane kan melde seg på.

Det er elektronisk påmelding på heimesida til festivalen  www.kulturfestivalen-forde.org.

Du finn oversikt over blant anna kostnadar og kva verkstadar ein kan melde seg på her.

Dersom du har spørsmål eller treng hjelp til påmelding, ta kontakt med Gry Sætre på 909 49 316 eller gry.setre@gmail.com.

Program for Kulturfestivalen 2019

Fredag

Kl. 14.00 Opning
Kl. 15.00 Registrering og enkel servering
Kl. 16.00 Verkstadar
Kl. 19.30 Middag
Kl. 21.00 Dans

Laurdag

Kl. 09.00 Verkstadar
Kl. 13.00 Lunsj
Kl. 13.30 Bydag
Kl. 19.00 middag
Kl. 21.00 Festkveld/Dans

Søndag

Kl. 09.00 Kurs
Kl. 12.00 Konsert
Kl. 13.30 Lunsj
Kl. 14.30 Slutt

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00