Kultur vil ha ansvar for folkehelse

Ansvaret for folkehelsespørsmål bør knytast til kulturavdelinga, ikkje til ei ny administrativ einig for plan, miljø og folkehelse, tilrår Hovudutval for kultur.

Folkehelse er ei av dei lovpålagte, nye oppgåvene fylkeskommunen får tillagt ansvaret for frå komande årsskifte som fylgje av Forvaltningsreforma. Som ledd i arbeidet med å førebu organisasjonen på dei nye oppgåvene har fylkesrådmannen laga eit framlegg til omorganisering av sentraladministrasjonen. Eit av forslaga er å oppretta ei ny avdeling for plan, miljø og folkehelse.

Ei drivkraft for folkehelse

- I kulturstrategien som Fylkestinget nett har vedteke vert kultur framstilt som ei av drivkreftene for folkehelse. Den same ansvarstildelinga framkjem av Fylkesdelplan for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse, seier leiar Sissel Loen i hovudutval for kultur.

Representerer breidda

- Kulturavdelinga representerer breidda av dei aktivitetane som folk engasjerer seg i i samband med førebyggjande helsearbeidet. Avdelinga er godt budd på å ta på seg ansvar for denne viktig oppgåva, held utvalsleiaren fram.

Fysisk idrett, mosjon, leik og trening er døme på aktivitetar som høyrer inn under førebyggjande helsearbeid og som kulturavdelinga har ansvar for. Aktivitetar der alle kan delta som aktive eller som tilskodarar, seier Loen.

Aktivt friluftsliv

- Forvaltningsreforma legg i tillegg opp til at kultursektoren i større grad skal ta på seg ansvaret for aktivt friluftsliv og initiera verksemd på dette området, avsluttar hovudutvalsleiaren

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00