Kriseinfo.no – informasjon til befolkninga i kriser

Nettportalen Kriseinfo.no vart lansert tidlegare i vinter og har som mål å styrkje samfunnstryggleiken. Her finn du kvalitetssikra informasjon frå styresmaktene før, under og etter ei krise.

Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) driftar nettportalen. Det er ein lenkjeportal, som samlar relevante opplysingar og viser vidare til andre nettsider for meir informasjon.

Portalen skal oppdaterast med varsel og informasjon knytt til risiko og beredskap. Det ligg òg permanent tekst på sidene om kva som kan skje i Noreg, kva styresmaktene gjer, og kva den enkelte innbyggjar kan gjere for å minimere konsekvensane av ei hending.

Kriseinfo.no finn du òg på både Facebook og Twitter.

Kriseinfo.no
Kriseinfo på Twitter
Kriseinfo på Facebook

Del dette:

Relaterte lenker