Krinsmeistrar i fylkeskommunekunnskap

Fire grupper følgde kvarandre som skuggar i eit spanande og beinhardt oppgjer i Krinsmeisterskapen i fylkeskommunekunnskap onsdag 16. februar 2011. Til slutt stod to vinnarar att og ikkje ein gong målfoto kunne skilje dei.

Fagjuryen med personalsjef Torill Einarsen og assisterande fylkesrådmann Bjørn Birger Bremer trudde dei hadde lagt lista høgt med stor vanskegrad. Det hadde dei også, men dei fire gruppene som konkurrerte viste at det var nødvendig. Av 22 oppnåelege poeng sigra laga G1 og G4, begge med 19 poeng. Laga G2 og G3 enda på 18. ”Dette viser at rekrutteringspolitikken til fylkeskommunen er vellukka og at vi hentar inn nytilsette med eit svært høgt kunnskapsnivå”, seier assisterande fylkesrådmann Bjørn Birger Bremer i ein kommentar.

Glade vinnarar

Då samlinga for nytilsette i fylkeskommunen tok til 2. dag vart dei to vinnargruppene premierte med signerte eksemplar av fylkeskommunen si eiga jubileumsbok: ”Frå tanntrekking til folketannrøkt. 50 år med tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane”. Lukkelege kom dei fram på podiet i Firdasalen i Fylkeshuset og tok imot premiar og hyllest frå alle dei andre deltakarane. Det gav ein fin start på andre dag av samlinga der toppfolka til fylkeskommunen innan opplæring, samferdsle, kultur, tannhelse, næring og plan- og samfunn orienterte om verksemdene sine. I tillegg vart filmen Framtidsfylket Sogn og Fjordane vist.

Viktigaste kompetanseorganisasjon i fylket

I talen sin minte fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes om visjonen til fylkeskommunen som er Livskvalitet og nyskaping. Ho slo også fast dei historiske dimensjonane i at Sogn og Fjordane som fylkeseining skal høgtide 250 års- jubileum om to år i 2013. ”Sogn og Fjordane fylkeskommune skal legge tilhøva til rette slik at me har eit effektivt og funksjonsdyktig fylkeskommunalt folkestyre, der direkte valde fylkesting er fylkeskommunen sitt fremste politiske styringsorgan”, la ho til. Så kom ho inn på ei rekke av oppgåvene fylkeskommunen utfører med å samordne staten, fylkeskommunen og kommunane si verksemd i kvart fylke. ”Det overordna målet med all denne aktiviteten er å halde oppe folketalet og busetnaden”, slo ho fast. Med 1450 tilsette, 14 vidaregåande skular og i tillegg ansvar for over 700 lærlingar, eit driftsbudsjett på 2,6 milliardar kroner og 920 milliardar i investeringsbudsjett, står fylkeskommunen fram som ein kraftfull og mangfaldig samansett organisasjon. ”Lukke til med arbeidet i fylkeskommunen til gagn for folket i fylket. Dei er dykkar eigentlege sjefar”, sa fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes. ”Assisterande fylkesrådmann Bjørn Birger Bremer slo til slutt fast at fylkeskommunen er den viktigaste kompetanseorganisasjonen i Sogn og Fjordane og at dei som arbeider der har grunn til å vere stolte av arbeidsplassen sin.

Møte med ein nytilsett

Fylkeskommunen har arbeidsplassar i alle dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane, fordi den offentlege tannhelsetenesta er fylkeskommunal. Slike kunnskapsbaserte arbeidsplassar er også ein svær ressurs for dei bygde- og bysamfunn dei ligg i. Ein representant for dei nytilsette er Even Øren. Han er årdøl og har flytta heim att frå jobb i Telenor på Gjøvik. ”Både sambuaren min og eg er frå Årdal. Då eg fekk sjansen til jobb som IKT-ansvarleg ved Årdal vidaregåande skule, slo eg til. I Telenor arbeidde eg med utbygging av fibernett”, fortel han. Då valet skulle gjerast vog det også tungt på vektskåla å ha besteforeldre til dei to småborna i familien. ”Eg tykkjer det er greitt med ei slik samling slik at me får lære meir om fylkeskommunen”, seier Even Øren. Han var også med på det eine av vinnarlaga og reiser heim att til Årdal som nyslegen krinsmeister i fylkeskommunekunnskap.

Del dette:

Relaterte lenker