Krevjande for kommunane å svare på alt staten spør om

Vestlandsforsking og Høgskulen har utført ei kartlegging av statlege rapporteringskrav mot kommunane på oppdrag frå fire regionale samfunnsaktørar i Sogn og Fjordane. – Materialet vårt syner at kommunane brukar mykje tid til å svare staten på spørsmål som gjeld rapportering og dokumentasjon, seier prosjektleiar Oddbjørn Bukve.

Kartlegginga kom i stand gjennom at fire samfunnsaktørar i Sogn og Fjordane – Fylkesmannen, KS, NAV og fylkeskommunen – ønskte å kartleggje det samla omfanget av rapporteringskrav kommunane møter frå statleg hald. Dei ville også vite kor relevante desse krava er. Dette er belyst i eit nyleg gjennomført forprosjekt .

Legg vekt på kommunane si oppleving

Nedanfrå og opp- eller grasrotperspektivet er sikra gjennom at forskarane har intervjua praktikarar frå kommunar og regionale aktørar. Dei aller fleste studiar vel eit ovanifrå-perspektiv. Det er viktig at vi får eit bilete av korleis problematikken med rapporteringa ser ut frå kommunane si side, seier Bukve. Dei kommunalt tilsette som er intervjua i prosjektet kjem frå Bremanger, Førde, Leikanger og Årdal. Forskarane har snakka med rådmennene og gjennomført fleire gruppeintervju, i tillegg til å intervjue tilsette i eldreomsorga i ein kommune.

Ad hoc-førespurnadene stel ressursar

Forskarane har sett på alle førespurnader frå direktorat, departement og andre statlege kontrollinstansar om å overføre dokumentasjon av resultat eller aktivitetar. Det samla omfanget av statlege rapporteringskrav gjeld ikkje berre dei faste rapporteringsordningane, som i seg sjølv er mange og til dels overlappande, men også krav om dokumentasjon knytt til tilsyn, prosjektløyvingar og anna.

– Ein ting er dei faste rapporteringsoppgåvene. Problemet er at kommunane får svært mange andre førespurnader om det vi kallar «ad hoc-rapportering», seier Ragnar Brevik ved Vestlandsforsking.

– Til dømes kan det dreie seg om at Utdanningsdirektoratet hentar inn informasjon om ei pågåande skulereform eller at rådmennene blir pålagt å rapportere i høve finanskrisa, svineinfluensaen eller regionale og lokale hendingar. Dette er førespurnader kommunane oppfattar som ein del av samfunnsoppdraget, men ulempa er at dei i periodar legg beslag på store ressursar, forklarer Brevik.

Låg relevans trugar legitimitet

Det kjem også fram at mange av spørsmåla kommunane blir bedne om å svare på, har låg relevans for dei sjølve.

– Enkelte førespurnader blir oppfatta som reine utslag av kontrollbehov frå statlege aktørar. Eit slikt døme er kommunen må skaffe stadfestingar frå revisor for tilskot på så lite som 10.000 kr. Dei fleste kommunane vil meine at dei har gode nok rutinar til å handtere slike summar utan å kople inn ein revisor, seier prosjektleiar Bukve, professor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

I mange tilfelle ser ikkje kommunane at dei får noko att frå staten. Dersom dei ikkje høyrer meir om resultata frå ei undersøking, går dei glipp av potensiell læring; dei berre leverer frå seg noko utan å få noko att.

– Dette kan på sikt truge legitimiteten til rapporteringssystema, seier Bukve.

Søknad om hovudprosjekt

På grunnlag av funna i forprosjektet vil partnarskapen i Sogn og Fjordane no søkje Regionalt forskingsfond for Vestlandet om eit hovudprosjekt der formålet vil vere å utvikle meir effektive rapporteringsordningar og å bruke rapporteringsdata i forbetringsarbeid. Om eit slik prosjekt får midlar, vil det bli gjennomført i 2015 og 2016.

Les heile forprosjektrapporten her:

Kontaktperson og telefonnummer

Tore Eriksen, Sogn og Fjordane fylkeskommune,415 30 932

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut