Logo for Konferanse for maritim hydrogenteknologi og marin fornybar energi i Florø 3.–4. oktober

Maritim forening Sogn og Fjordane, Hydrogenregion Sogn og Fjordane og GCE Subsea

Kraftsamling for hydrogen og fornybar energi i Florø

Fylkeskommune, GCE Subsea og Maritim forening Sogn og Fjordane inviterer til den tredje internasjonale konferansen for maritim hydrogenteknologi og marin fornybar energi. Konferansen finn stad i Florø 3.–4. oktober.

Olje- og energiminister Terje Søviknes held opningstala på konferansen, som i år vert skipa til for tredje gong. Konferansen er open for alle, og er venta å samla om lag 130 gjester frå meir enn 10 land.

På konferansen blir du oppdatert på det siste innan teknologi, politikk, prosjekt og planar innan subsea-, marin fornybar energi- og maritim hydrogenindustri. Det blir også rikeleg med høve til diskusjon og nettverskbygging, mellom anna på kveldsutflukta til Kalvåg med «Vision of the Fjords».

Meir informasjon om program og påmelding finn du her.

Del dette:

Kontakt

Elisabet Kjerstad Bøe
prosjektleiar hydrogen, nærings- og kulturavdelinga
Elisabet.Kjerstad.Boe@sfj.no
915 91 548

Relaterte lenker