Elv
Elv

Foto: Arild Finne Nybø

Kraft i Vest

Aktuelle tema innan energifeltet vert diskutert når kraftinteresserte samlast på Sandane i september.

Kraft i Vest

For femte år på rad har SFE gleda av å ønskje deg velkomen til Kraft i Vest 28. og 29. september på Sandane. Dette er konferansen der energibransjen og anna næringsliv, politikarar, myndigheiter, akademia og andre møtast for å lære om og diskutere dei mest aktuelle tema innan energifeltet. Med på laget er Gloppen Hotell, som syter for den gode stemninga og nydeleg lokalmat.

Program og påmelding

SFE har i år sett saman eit variert og spenande program der du mellom anna får høyre PST-sjef Marie Benedicte Bjørnland snakke om det auka trusselbiletet, NVE-direktør Per Sanderud fortel om korleis beredskapen er auka og Torgeir Waterhouse stiller spørsmålet om næringslivet er budd på den digitale revolusjon. NHO-presidenten Arvid Moss gir næringslivets forventingar etter stortingsvalet og statssekretær Elnar Remi Holmen (FrP) deler partiets politiske vsjonar. Spesialrådgjevar i FN opnar konferansen med perspektivet "ei verd i endring".

Sjå programmet her.

Eller gå rett til påmeldinga ved å følgje denne lenka.
 

Kortreiste delikatesser 

Kraft i Vest vert arrangert i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Høgskulen på Vestlandet. Konferansen skjer samstundes som Sogn og Fjordane si lokale matmesse Matamål på Sandane, og dei byr på kortreiste delikatesser både til lunsj og middag.

 

Velkomen til Sandane 28. og 29. september!

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00