Foto frå UKM-festivalen i 2017. Vi ser eit rockeband på scena, med dansande vokalist og gitaristar som rockar med.
Foto frå UKM-festivalen i 2017. Vi ser eit rockeband på scena, med dansande vokalist og gitaristar som rockar med.

Sogn og Fjordane skårar særleg høgt i blant anna kategoriane kulturskule og konsertar. Biletet er frå UKM-festivalen i Høyanger i år, bandet Hot Sidewalk frå Førde var ein av mange band som stod på scena. (Foto: Martha Linnea Pukallus, UKM Media, Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Korleis står det til med kulturen i Sogn og Fjordane?

Sogn og Fjordane er det ellevte beste kulturfylket i landet, ifølgje Norsk kulturindeks 2016. Blant kommunane i fylket kjem Gloppen best ut. Kva kjenneteiknar eigentleg gode kulturkommunar?

Norsk kulturindeks 2016 blir laga av Telemarksforsking og er ei oversikt over kulturtilbod og kulturaktivitet i norske kommunar, regionar og fylke.

Gode på frivilligheit og DKS

Sogn og Fjordane ligg på ellevte plass av alle fylka i 2016. Plasseringa er summen av rangering i elleve kategoriar. Sør-Trøndelag ligg på topp på fylkesoversikta.

Sogn og Fjordane kjem best ut i kategoriane Den kulturelle skulesekken (DKS), frivilligheit, kulturskule og konsertar. Rangeringa er summen av kommunane, det er ikkje fylkeskommunen som er målt.

Sjå tabellen over korleis fylket samla skårar i dei ulike kategoriane på side 15 i Norsk kulturindeks 2016. Resultater for Sogn og Fjordane fylke.

Kan vi måle kultur?

Fylkesdirektør for næring og kultur Jan Heggheim stiller spørsmål om vi kan måle kultur?

– Truleg ikkje, men vi kan måle kulturinnsats. Vi kan faktisk få fram rimeleg gode data der kommunar og fylke kan samanliknast med kvarandre. Ein kulturindeks gir ikkje heile sanninga, men eg trur det er rett å seie at det gir ein peikepinn, seier Heggheim.

Kulturindeksen forsøker å få fram eit bilete som er korrigert for kommunale budsjett og folkesamansetjing. Dette vil fylkeskommunen saman med partnarskapen i fylket bruke som eit grunnlag når vi no utarbeider regional plan for kultur. Denne skal vere vedteke og gjelde frå 2019.

Gloppen skårar høgst

Gloppen er den kommunen i Sogn og Fjordane som kjem høgst på lista over kommunane i landet. Kommunen skårar godt i alle kategoriane. Førde og Sogndal kjem også høgt opp med ein 14. og ein 16. plass. Av 26 kommunar i Sogn og Fjordane ligg 15 på øvre halvdel av lista. Røros toppar kommunelista.

Rangeringa til kommunane i Sogn og Fjordane på landsbasis (til saman 428 kommunar):

Kommune

Plassering i fylket

Plassering på landsbasis

Gloppen

1

4

Førde

2

14

Sogndal

3

16

Eid

4

41

Balestrand

5

52

Aurland

6

54

Høyanger

7

95

Jølster

8

97

Fjaler

9

107

Bremanger

10

110

Lærdal

11

150

Stryn

12

185

Hyllestad

13

187

Solund

14

189

Flora

15

192

Vik

16

224

Askvoll

17

240

Gaular

18

255

Gulen

19

257

Årdal

20

271

Hornindal

21

282

Vågsøy

22

288

Luster

23

297

Leikanger

24

317

Selje

25

370

Naustdal

26

413

 

Førde best i tre kategoriar

Om vi ser nærare på kva kommunar i fylket som skårar best i dei ulike kategoriane, får vi denne oversikta:

Kategori

Kommune med best skår

Kunstnarar

Fjaler

Sentrale tildelingar

Fjaler

Kulturarbeidarar

Førde

Scenekunst

Førde

Den kulturelle skulesekken

Førde

Museum

Sogndal

Kino

Sogndal

Konsertar

Eid

Bibliotek

Høyanger

Kulturskule

Aurland

Frivilligheit

Solund

 

For å sjå korleis alle kommunane gjer det i alle kategoriane, sjå tabell på side 16 i Norsk kulturindeks 2016. Resultater for Sogn og Fjordane fylke.

Kjenneteikn ved gode kulturkommunar

Telemarksforsking har, saman med ti kommunar og fylkeskommunar, undersøkt kva strukturelle og kulturelle faktorar som betyr noko for kulturtilbod og kulturaktivitet i norske kommunar. Dei har utvikla ein forklaringsmodell for kva som kjenneteiknar gode kulturkommunar.

Dei aller fleste kommunar og kulturadministrasjonar er opptatt av korleis ein kan legge til rette for kulturell aktivitet og, ikkje minst, kva som skal til for å fremje høg kulturell aktivitet. Men det finst også fleire strukturelle tilhøve, som ikkje kan styrast av kommunane, men som påverkar og avgrensar kulturnivået.

Dette er dei viktigaste av desse faktorane:

  1. Kommunen sine utgifter til kultur fører til meir kultur, men ikkje til fleire kunstnarar eller meir frivilligheit.
  2. Utdanningsnivået i befolkningen betyr mykje for plassering på kulturindeksen.
  3. Kommunar med høgskular har meir kultur (men mindre for barn).
  4. Kommunar med kulturhus har en blanda profil.
  5. Besøkskommunar (turisme) har stort sett meir kultur, men mindre scenekunst og sentrale tildelingar.
  6. Byar har fleire besøkande på kino og bibliotek, men mindre av anna kultur (per innbyggar).

Stor variasjon i Sogn og Fjordane

Kommunane har ulike føresetnader for å gi innbyggarane et godt kulturtilbod. Kulturutgiftene til kommunane i Sogn og Fjordane er noko lågare enn landsgjennomsnittet dersom vi held idrett utanfor. Sju av kommunane våre brukar meir på kultur enn landsgjennomsnittet.

Utdanningsnivået blant innbyggjarane er høgare enn landsgjennomsnittet i 13 av kommunane i fylket. Det påverkar kulturbruken markant.

Vidare ser vi at pendlinga, eller arbeidsmarknadsintegrasjonen er låg i dei aller fleste kommunane i fylket. Berre fem av kommunane har ein arbeidsmarknad som er meir integrert med nabokommunane enn landsgjennomsnittet. Vi ser vidare at alle ni av kommunane har netto innpendling til kommunen.

Delen besøksnæringar varierer noko, og berre to av kommunane har høgskule.

Sjå tabell med oversikt over dei strukturelle føresetnadane til kommunane i Sogn og Fjordane på side 14 i Norsk kulturindeks 2016. Resultater for Sogn og Fjordane fylke.

Les meir

Norsk kulturindeks 2016

Norsk kulturindeks 2016. Resultater for Sogn og Fjordane fylke.

Les fylkesdirektør Jan Heggheim sitt innlegg "Kan vi måle kultur?" på Kulturbloggen

For meir informasjon

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

Sissel Lillebø Aarseth
fagkoordinator
sissel.lillebo.aarseth@sfj.no
911 52 030

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00