Tarefangst

Tarefangst

Korleis står det til i Sogn og Fjordane?

Presentasjon av ny regional analyse-

30.januar inviterer Fylkeskommunen til ei samling der tema er utviklingstrendar i Sogn og Fjordane og korleis vi skal satse framover.

Tidlegare i år vart rapporten «Regional analyse for Sogn og Fjordane» publisert. Rapporten ser på utviklinga det føregåande året og kva trendar som kjem. Knut Vareide, forfattar av rapporten, kjem og fortel kva vi bør merke oss.

Les meir om rapporten her http://www.sfj.no/verdiskapinga-i-naeringslivet-i-sogn-og-fjordane-veks.6176047-339463.html

Delta fysisk eller på skjerm

Innlegget til Vareide om regional analyse av Sogn og Fjordane vil bli strøyma digitalt. Dermed kan du følgje med i sanntid på nett.

Etter framlegg av rapporten vil vi sjå nærare på drivarar for utviklinga og kva utfordringar næringslivet står framfor. Vi ser det i samanheng med innsatsen innan plantema nyskaping og kunnskap i verdiskapingsplanen.

Sjå programmet og vel korleis du vil delta ved å melde deg på her: https://sfj.pameldingssystem.no/regional-analyse-av-sogn-og-fjordane#/form

Del dette:

Relaterte lenker