Kontrollutvalet vil ha betre innkjøpsrutinar i fylkeskommunen

Kontrollutvalet har fått utført ein forvaltingsrevisjon av innkjøp i fylkeskommunen. Rapporten frå revisor slår fast at organiseringa av innkjøpsfunksjonen er tenleg, men peiker også på at det er rom for forbetringar på fleire område.

– Konklusjonen frå Deloitte er at rutinane er mangelfulle, at det førekjem regelbrot, og at det er ei utfordring å sikre nok kompetanse om retningsliner og regelverk i organisasjonen. Dette gjeld både overordna skildring av ansvar, oppgåver og krav til arkivering og retningslinjer for kontraktsoppfølging. Kontrollutvalet er samd i at dette kan resultere i at lovverket om offentlege anskaffingar vert brote, seier kontrollutvalsleiar Arve Mjømen.

Ni forslag til forbetringar

Rapporten avdekker regelbrot på ein del av innkjøpa, som blant anna går ut på bruk av direkteanskaffingar, der kjøpa ikkje har vore konkurranseeksponerte. Revisor peiker i tillegg på manglande dokumentasjon knytt til innkjøp.

Revisor har i rapporten kome med ni tilrådingar for å betre innkjøpsfunksjonen. Kontrollutvalet rår fylkeskommunen til å følgje opp tilrådingane frå revisor. Tilrådingane går blant anna ut på å betre kompetansen for innkjøp i organisasjonen, innføre system som sikrar betre oversyn over og oppfølging av innkjøp og å lage av krav til arkivering av informasjon.

Sogn og Fjordane fylkeskommune får gode tilbakemeldingar når det gjeld oppretting av ei sentral innkjøpsteneste med god kompetanse både juridisk og innkjøpsfagleg. Revisoren er også positiv til planane og oppstartinga av eit e-handelsprosjekt i fylkeskommunen.

Fylkesrådmannen kjem i høyringsuttalen til forvaltingsrevisjonen med signal om at det er nyttig med ein gjennomgang av innkjøpsfunksjonen i fylkeskommunen.

Fylkestinget skal handsame saka om forvaltingsrevisjonen for innkjøp 15. oktober.

Les heile forvaltingsrevisjonen.

For meir informasjon

Arve Mjømen
leiar for kontrollutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune
905 48 175
arve.harald.mjomen@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568