Kongevegen over Filefjell – lansering av forprosjektrapport

Rapporten frå forprosjektet Kongevegen over Filefjell er klar og skal presenterast. Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete og regionvegsjef i Statens vegvesen Paal Fosdal deltek på markeringa, som finn stad på Maristuen i Lærdal onsdag 1. juni klokka 16.00.

Då Kongevegen over Filefjell (Den Bergenske Kongeveg) sto ferdig i 1790-åra kunne ein for første gang køyre mellom aust og vest. Vegen var ein av dei første statleg bygde vegane i Noreg og fekk enorm betydning for kontakten mellom regionane. I dag er vegen eit kulturminne med nasjonal verdi – med potensial til å bli ein stor attraksjon for landsdelane.

Samarbeidsprosjekt

Kongevegen over Filefjell og tilhøva rundt ber i seg eit stort potensial til å utvikle ein samanhengande turveg heilt frå Øye i Vang til Lærdalsøyri i Lærdal. Turvegen Kongevegen kan med dei rette grepa skape stor merksemd frå både inn- og utland og bli ein styrke for næringslivet, reiselivsatsinga i regionen og for økt fysisk velvere.

Forprosjektet til Kongevegprosjektet er eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Oppland fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Lærdal kommune, Vang kommune, Valdres Natur- og kulturpark, Valdresmusea og Pilotkommune i bærekraftig reiselivsutvikling, Lærdal.

På heimesidene til Statens vegvesen kan du lese meir om Kongevegen og forprosjektet.

For meir informasjon, ta kontakt med

Eva Moberg
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Telefon: 905 91 452

Jan Adriansen
Statens Vegvesen
Telefon: 975 07 707

 

Del dette:

Relaterte lenker