Konferanse: Vestlandsk Vidsyn 2012

Distriktssenteret og partnarskapen i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal inviterer til konferansen Vestlandsk Vidsyn på Nordfjordeid 24.–25. oktober. Tema for konferansen er nyskapande kommunar og lokalsamfunn i vest.

Vi føl opp arbeidet frå i fjor og set i år fokus på koplinga mellom mobilisering og planarbeid.

Vi vil gjere kvarandre gode i planlegging og lokal utvikling på alle nivå, frå frivillig sektor til kommune

Målgruppa for konferansen er politikarar, prosjektleiarar, initiativtakarar, rådgjevarar, næringsdrivande og andre som arbeider med eller for frivilligheit, mobilisering og lokal samfunnsutvikling.

Konferansen er lagt til Operahuset Nordfjord.

Grunna lite kapasitet i Nordfjordeid vil vi nytte fleire hotell i nærleiken. Overnatting vil fyrst bli fordelt på hotell i Eid. Deretter på hotell i Stryn (det vil bli sett opp felles transport mellom konferansestaden, Nordfjord hotell og Stryn hotell).

Program, påmelding og kontaktpersonar til konferansen finn du her.

Påmelding innan 5. oktober.

Del dette:

Relaterte lenker