Band. Mann syng og spelar i gitar. I bakgrunnen spelar ei kvinne trommer og ein mann bass.
Band. Mann syng og spelar i gitar. I bakgrunnen spelar ei kvinne trommer og ein mann bass.

Konferanse om musikk og psykisk helse

Høgskulen på Vestlandet og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til konferanse om musikkterapi, rus og psykisk helse måndag 24. april i Førde. På programmet finn du sentrale forelesarar innan fagfeltet.

Musikkterapi har vorte meir utbreidd som fag og profesjon dei siste åra, både nasjonalt og internasjonalt. Mykje har skjedd frå det første musikkterapistudiet vart starta på Sandane i 1988 og fram til i dag. Utdanninga er i dag ved Universitet i Bergen.

Forsking viser dokumentert effekt og nytteverdi av musikkterapi på fleire område. No vert musikkterapi nemnt og anbefalt i offentlige styringsdokument knytt til rus og psykisk helse. Då er det særs viktig at det også vert oppretta stillingar for musikkterapeutar.

Korleis fungerer musikkterapi?

  • Musikkterapi gjev høve for utvikling og endring gjennom eit musikalsk og mellommenneskeleg samarbeid.
  • Musikkterapeutar arbeider med utgangspunkt i brukaren sine eigne ressursar, med fokus på å fremje helse og livskvalitet gjennom musikk. Brukarinvolvering og ein likeverdig relasjon er viktig.
  • Musikkterapi tilbyr musikalsk deltaking som speling, songskriving, og/eller lytting til musikk. 
  • Musikkterapi kan vere individuelt eller i gruppe, på ein institusjon eller i lokalmiljøet til brukaren. I musikkterapi set ein fokus på kva brukaren kan og har lyst til å utvikle gjennom musikalsk samspel. 

Påmelding:

Konferansen kostar 600 kr, og i denne prisen er lunsj inkludert. Konferansen er gratisk for studentar. Meld deg på via skjema på nett: sfj.pameldingssystem.no

Kontaktperson: 

For meir informasjon, ta kontakt med Jorunn Bakke Nydal, musikkterapeut ved nærings- og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. 
E-post: Jorunn.Bakke.Nydal@sfj.no
Telefon: 913 44 734

Konferanseprogram: 

Førde, 24. april

Kl. 09.30   Registering m/ kaffi
Kl. 10.00   Opning v/ klinikkdirektør Børge Tvedt
Kl. 10.20   Musikkterapi, rus og psykisk helse, Brynjulf Stige | professor i musikkterapi,
                  Universitet i Bergen
Kl. 10.50   Musikkterapi med barn og unge i psykisk helse. Gunn Karoline Fugle |
                  musikkterapeut, Helse Førde
Kl. 11.15   Pause
Kl. 11.30   Med pasienten i førarsetet. Hans Petter Solli | musikkterapeut, Lovisenberg
                  diakonale sykehus
Kl. 12.10   Lunsj
Kl. 13.00   Musikkterapi i tverrfagleg spesialisert rusbehandling, Michael Clavier,
                  Musikkterapeut, Hjellestadklinikkene
Kl. 13.20   Musisk integrering. Jon Roar Bjørkvold | dr. phil. professor i musikkvitenskap 
Kl. 14.15   Pause
Kl. 14.30   Kafèdialog: Implementering og samhandling i spesialisthelseteneste og
                  kommunal sektor
Kl. 15.00   Oppsummering, panel
Kl. 15.30   Slutt

Bilde med program for konferanse om musikkterapi

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00