Foto som syner ei forsamling stort sett eldre damer. Dei sit vende mot venstre, der det føregår noko utanfor biletet. Dei sit ved små bord, med tallerknar og kaffikoppar framfor seg.
Foto som syner ei forsamling stort sett eldre damer. Dei sit vende mot venstre, der det føregår noko utanfor biletet. Dei sit ved små bord, med tallerknar og kaffikoppar framfor seg.

Den kulturelle spaserstokken er ei ordning der kommunane kan søkja om støtte til kulturformidling for eldre. Foto: Perspektivet Museum

Konferanse om Den kulturelle spaserstokken

Det vert gode døme frå fleire kommunar på konferansen om Den kulturelle spaserstokken i Måløy 2. november. I tillegg vert det debatt for å drøfte kva vi vil med ordninga.

Den kulturelle spaserstokken er ei ordning for kulturformidling til eldre. Kommunane kan søkje på midlane, og fylkeskommunen fordeler kvart år nærare ein million kroner til ordninga.

Konferansen i Måløy er gratis. Målgruppene er dei som jobbar med kultur, folkehelse, frivilligsentralar og pleie- og omsorg, pensjonistlag, eldreråd i kommunane og kunst- og kulturformidlarar.

Døme og dialog

På konferansen får vi innblikk i prosjektet Musikkcafé, som kommunane Vågsøy, Eid og Selje står bak. Kulturskulerektor og frilansmusikar Hildegunn Vederhus kjem for å fortelje om erfaringar frå prosjektet.

Det vert også innlegg ved representantar frå både Stryn og Flora kommune, og folkemusikar Gro Marie Svidal held innlegget «Profesjonell inn på institusjon.

Vel så viktig som kva som skjer i dag, er kva som skal skje i framtida. Vi inviterer til dialog om kva kommunane og andre interessentar ønskjer for ordninga i framtida. Kva vil vi med den kulturelle spaserstokken i Sogn og Fjordane.

Sjå heile programmet for konferansen under.

Du kan melde deg på konferansen på denne lenka.

Påmeldingsfristen er 31. oktober 2017. 

Les meir om den kulturelle spaserstokken her.

For meir informasjon

Jorunn Bakke Nydal
musikkterapeut
jorunn.bakke.nydal@sfj.no
913 44 734

Program                                                          

Kl. 10.00 Registrering

Kl. 10.10 Den kulturelle spaserstokken i Sogn og Fjordane v/ Jorunn Bakke Nydal

Kl. 10.45 Musikkcafè. Prosjekt gjennom Den kulturelle spaserstokken i Vågsøy, Eid og Selje, v/Hildegunn Vederhus, kulturskulerektor, frilansmusikar

Kl. 11.30 Pause

Kl. 11.45 Kultur og helse = SANT

Kl. 12.00 Lunsj

Kl. 13.00 Stryn kommune. Den kulturelle spaserstokken v/ Kari Synnøve Muri

Kl. 13.20 LEV VEL – Flora kommune v/ Linda Varpe Haukås

Kl. 13.40 Pause

Kl. 13.50 DIALOG. Kva vil vi med spaserstokken i Sogn og Fjordane?

Kl. 14.30 Profesjonell inn på institusjon v/ Gro Marie Svidal

Folkemusikar Gro Marie Svidal er folkemusikar frå Jølster. Svidal spelar hardingfele. Ho er utdanna frå Ole Bull Akademiet på Voss, og ved Norges Musikkhøgskole. Svidal er hardingfelespelar, komponist, dansar og produsent. Ho spelar særleg tradisjonsmateriale frå Sunnfjord, Sogn og Voss.

Kl. 14.45 Musikalsk reise v/ Gro Marie Svidal.

Kl. 15.15 Oppsummering

Kl. 15.30 Slutt

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00