Foto av ungdomar som står og held planter og spadar osv., medan dei ser ut til å få instruksjonar frå ei kvinne.
Foto av ungdomar som står og held planter og spadar osv., medan dei ser ut til å få instruksjonar frå ei kvinne.

Foto: Shutterstock

Konferanse: Kommunar og frivilligheit i samspel

Frivillig engasjement er med å skape gode lokalsamfunn. Sogn og Fjordane fylkeskommune og Frivillighet Norge inviterer 19. november til konferanse på Gloppen Hotell. Tema er korleis kommunane og frivilligheita kan spele kvarandre gode.

Kommunar som har ein overordna, heilskapleg politikk for frivilligheita – ein plan, ein strategi eller ei plattform – kan vere med å auke innsatsen og skape betre rammer for frivillig innsats. Det er noko av tematikken på konferansen:

  • Korleis løfte det frivillige samarbeidet i kommunane?
  • Korleis skape samhandling og auka dialog mellom frivillige og kommunane?

Her får du ny kunnskap og starthjelp til å kome i gang med ein heilskapleg politikk for frivilligheita i kommunen din.

Målgrupper

Målgruppene for konferansen er i hovudsak

  • tilsette, politikarar og både politisk og administrativ leiing i kommunane
  • frivillige lag og organisasjonar, både lokalt og regionalt

Påmelding

Her kan du sjå heile programmet for og melde deg på konferansen.

Fristen for å melde seg på konferansen er 4. november 2019.

Pris

Det kostar 500 kr å delta på konferansen, og påmeldinga er bindande.

Deltakarar frå frivillige organisasjonar går gratis, men ved avmelding seinare enn ei veke før konferansen, blir organisasjonen fakturert med 500 kr.

Les meir om frivilligpolitikk i kommunane her.

For meir informasjon

Åge Avedal
rådgjevar, nærings- og kulturavdelinga
age.avedal@sfj.no
970 72 734

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00