Konferanse "Fysisk aktivitet og sosiale skilnader i helse" 20. og 21. nov på Skei Hotell

Partnarskap for folkehelse inviterer til konferanse om fysisk aktivitet, og har fått Per Gärdsell frå Sverige til å halde foredraget "Helse – det meste er gratis! Kva styrer/påverkar helse på 2000-talet?"

 

Gärdsell er ein av Nordens beste føredragshaldarar på helsefremmande arbeid. Han er dosent i ortopedi og har vore sjefsoverlege ved universitetssjukehuset i Malmø. Han har også vore ein av prosjektleiarane for Bunkefloprosjektet, som er eit av Sveriges mest kjende helseprosjekt

Regelmessig fysisk aktivitet er viktig for normal vekst og utvikling og har ein førebyggande effekt mot ei rekke sjukdomar samtidig som det gjev overskot, verkar positivt på humøret, og er ein fin moglegheit til sosialt samvær. Personar som er fysisk aktive lever i gjennomsnitt lengre enn personar som er lite fysisk aktive. Det finns god vitskapleg dokumentasjon for at regelmessig fysisk aktivitet har mange helseeffektar.

Sosial- og helsedirektoratet har utarbeidd anbefalingar for fysisk aktivitet for barn, unge og vaksne. Målet for konferansen er å formidle dette og korleis dagleg fysisk aktivitet kan gjennomførast i praksis i skulen, på arbeidsplassen og i fritida.

Konferansen omhandlar også temaet sosiale skilnader i helse. Det er eit faktum at helsa er ulik avhengig av kvar ein er på den sosiale rangstigen. Dette får tydning for korleis vi planlegg og bygg opp tilbod og aktivitetar.

Målgruppene for konferansen er pedagogar, planleggarar, helse- og sosialpersonell, personalansvarlege, frivillige organisasjonar, kommunalt- og andre offentleg tilsette, private bedrifter, og elles andre som er opptekne av fysisk aktivitet og sosiale skilnader i helse og levekår

Program og påmeldingsskjema

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette