Konferanse – Fysisk aktivitet i barnehage og småskule

Målgruppa for konferansen er

  • tilsette i barnehage, skule og SFO
  • skule- og barnehageeigarar
  • frivillige lag og organisasjonar
  • tilsette i kommune og fylkeskommune

Vi har samla 13 føredragshaldarar til ein dag fullspekka med forsking, erfaringar og praktiske døme på gode tiltak for fysisk aktivitet for born i barnehage og småskule. Det vert mellom anna føredrag om trivselsagentar i skulen ved Charlotte H. Nygård frå Krokane skule i Florø og erfaringar med kommunal planlegging av nærmiljøanlegg ved Kjell Ertesvåg i Luster kommune.

Vi får også innblikk i forsking på området. Blant anna vil Kjersti Johannessen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane presentere funn frå undersøkinga om aktivitetsnivå i barnehage utført med aktivitetsmålar.

Det vert også ein paneldebatt om temaet. Konferansier er idrettskommentator i Dagbladet, Esten O. Sæther.

Konferansen er gratis, men deltakarane må kjøpe lunsj sjølve.

Meir informasjon om og program for konferansen

Fristen for å melde seg på konferansen er 2. mai

Meld deg på her

For meir informasjon
Jan Morten Loftesnes
Høgskulen i Sogn og Fjordane, idrett
e-post: jan.loftesnes@hisf.no
tlf.: 57 67 60 61 / 450 65 431

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette