Kompetansesamling og møte i forum for universell utforming

Heidi Karin Ekehaug i Sogn og Fjordane fylkeskommune opna møtet med å gå gjennom kva føremål og mandat forumet har. Forumet for universell utforming samlar menneske og organisasjonar frå ulike samfunnsområde. Sogn og Fjordane fylkeskommune er initiativtakar, og målet er at deltakarane skal dele og tileigne seg ny kunnskap.

Bør nytte eksisterande arenaer
Ekehaug utfordra møtedeltakarane på korleis forumet skal vere organisert framover, og kva arbeidsform som skal nyttast. Fleire av medlemane peikte på at det er viktig for forumet å kome inn på arenaer der ein treff dei som tek avgjersler og andre med innverknad. Det vart også peikt på at forumet i seg sjølv mest bør vere eit forum for diskusjon, fagleg støtte og inspirasjon.

Det kom framlegg om at forumet bør organisere seg i konkrete faggrupper, der medlemane føler seg fagleg heime. Det er også lagt opp til at det skal arrangerast spissa kurs på ulike tema innan universell utforming.

Kompetansesamling
Arkitekt og K5-instruktør Gunnar Isdahl var ansvarleg for kompetansesamlinga i forkant av møtet. Han gjekk gjennom grunnleggjande prinsipp ved universell utforming, og viste til kva lover og føreskrifter som finst – og som kjem.

Visjonen til regjeringa er at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025. Det betyr at produkt, omgjevnadar og IKT skal utformast slik at dei kan brukast av alle, i så stor utstrekning som mogleg, utan behov for tilpassing og ei spesiell utforming. Dette er ein strategi for å oppnå eit inkluderande samfunn med full likestilling og deltaking for alle.

Presentasjonar frå kompetansesamlinga

Les òg
Fylkeskommunen etablerer fylkesforum for universell utforming

For meir informasjon om forum for universell utforming
Heidi Karin Ekehaug
telefon: 456 61 994
e-post: heidi.karin.ekehaug@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker